Arkitekturmuseet nominert til pris
Nasjonalmuseet – Arkitektur er nominert til ein internasjonal pris som blir delt ut av ECSN (European Concrete Societies Network) for framifrå bruk av betong i bygningar. Arkitekturmuseet er ein av fire bygningar som er nominerte til prisen, som skal delast ut på "Betongdagen" i Rotterdam 18. november.
(12.11.2010)
Utstillingspaviljongen til Arkitekturmuseet er teikna av arkitekt Sverre Fehn, og Statsbygg var byggherre. Paviljongen i glas og betong er eit tilbygg til det som tidlegare var Noregs Banks filial i Oslo frå 1830.
Arkitekturmuseet har tidlegare fått både Betongtavlen (i 2009) frå Norsk Betongforening og eigedomsprisen frå FIABCI, eit internasjonalt, tverrfagleg forum for fagpersonar innanfor fast eigedom.
Les meir om prisar.
Dei andre nominerte til ECSNs betongpris innen kategorien ”bygning” er:
- Crematorium Heimolen, Belgia
- George Bernard Shaw Theatre, Irland
- MAXXI Center for Contemporary Arts, Italia
Les meir om den internasjonale betongdagen i Rotterdam.
Klikk for fullformat. Kan brukast av pressen.
Hugs å kreditere fotograf/Statsbygg.

Nasjonalmuseet - Arkitektur
Arkitekt: Sverre Fehn
Foto: Trond Isaksen