Gå rett til topp meny Gå rett til meny Gå rett til innhold
 

Bergen tinghus klar for opprusting

I desember 2011 fullførte Statsbygg forprosjektet for Bergen tinghus. Planen for rehabiliteringa av den staselege rettsbygningen frå 1933 tilfredsstiller alle krav til moderne bruk av bygget, trass i mange utfordringar på grunn av både kulturminnevern og tryggingskrav. Det rehabiliterte tinghuset skal òg i framtida romme kontor og rettssalar for Bergen tingrett og Nordhordland tingrett.
(09.01.2012)

Alle fellesareala, inkludert inngangsparti og hall, skal restaurerast og tilbakeførast til opphavleg stand, med nokre tilpassingar til dagens krav. Lagrettssalen skal òg tilbakeførast, men skal få nytt ventilasjonsanlegg og audiovisuelt utstyr. Det er òg planlagt ein ny ekstra stor rettssal i to etasjar over atriet som utgjer hallen, og tre nye ekstra breie rettssalar i hjørna av bygningen. Det vil bli laga ein lyshimling med glastak over hallen som skal illudere dagslyset utanfor.

Det er eit mål i planen at alle kulturhistoriske verdiar skal bli tekne vare på, og Statsbygg har hatt ein god dialog med Riksantikvaren under heile prosjektperioden. Det har vore svært viktig for Domstolsadministrasjonen som oppdragsgivar og dei tilsette i tingrettane å auke rettssalskapasiteten, betre tryggleiken i lokala og sørgje for tilfredsstillande inneklima. Når byggjeperioden er over, vil Bergen tinghus ha funksjonelle og tidsriktige lokale som er betre tilrettelagde for tilsette og publikum, samtidig som bygningen har bevart det opphavlege uttrykket sitt.

Bergen tinghus er ifølgje Riksantikvaren den tydelegaste og best bevarte representanten for tinghusa oppførte i perioden 1930–1950. Tinghuset er teikna av arkitekt Egill Reimers og har fungert som rettshus sidan det blei oppført i 1933. På grunn av dei arkitektoniske kvalitetane, gjennomarbeidde detaljar og materialbruken er Bergen tinghus eit viktig kulturminne i nasjonal samanheng, og både bygningen og originalt inventar er foreslått freda.

Forprosjektet har ei foreslått kostnadsramme for heile prosjektet på 815 millionar kroner. Inkludert i kostnadsramma er midlar til erstatningslokale i byggjefasen og restaurering av originale Egill Reimers-møblar. Tidlegast oppstart av rehabiliteringa er i 2013, men dette er avhengig av løyving av midlar over statsbudsjettet same året.

Les meir om prosjektet.

Kontaktpersonar i Statsbygg:
Prosjektleiar Synnøve Frafjord, tlf.: 997 26 462
Avdelingsdirektør Mette Nordhus, tlf: 900 30 577

 


 


Inngangspartiet

 Foto: Jaro Hollan