Gå rett til topp meny Gå rett til meny Gå rett til innhold
 

Byggjeskikkpris til Campus Hamar

Hamar kommune sin byggjeskikkpris for 2011 er tildelt uteområdet ved Høgskolen i Hedmark, Campus Hamar. Statsbygg ferdigstilte dette arbeidet i 2010. Prisen blir delt ut 24. september.
(13.09.2011)

Temaet for årets byggjeskikk var "Samspel", og valet fell altså på det nyleg opparbeidde uteområdet på Høgskolen i Hedmark, Campus Hamar, inkludert tilstøytande uteareal frå eit tidlegare byggjetrinn.

Juryen seier i utgreiinga si mellom anna: "Byggeprosjektet peker seg ut gjennom høy kvalitet på materialer, gjennomtenkte detaljer og god funksjonalitet. Arealet er åpent for allmennheten, samtidig som det fungerer som transportåre og pauserom for studenter og ansatte. Det er laget en velfungerende løsning for mange ulike brukere."

– Dette er gledeleg. Ekstra morosamt er det at eit uteområde vinn ein byggjeskikkpris. Statsbygg ønskte å byggje eit høgskoletorg som skulle gjere det mogleg å skape samspel mellom studentar, lærarar og omgivnadene, og denne prisen er eit bevis på at vi har lykkast, seier eigedomsforvaltar Odd Edvard Lund i Statsbygg.

Statsbygg ferdigstilte i 2002 Alf Prøysens hus ved Høgskolen i Hamar. I 2010 blei det gjennomført ei renovering av A-bygget ved skolen og ei opprusting av uteområdet. Det er sistnemnde arbeid som er omfatta av prisen.

Statsbygg har vore byggherre for arbeidet. Landskapsarkitekt har vore Anne Helene Midtveit i Norconsult AS, og entreprenør var Schjølberg & Tombre AS ved Filip Tombre.

Les grunngivinga frå juryen.


Kontaktpersonar i Statsbygg:
Prosjektleiar Marius Berntsen, mobil 908 69 695
Eiendomsforvaltar Odd Edvard Lund, mobil 930 83 909
Kommunikasjonsrådgivar Pål Weiby, mobil 922 333 95


Bileta kan brukast av pressa. Hugs å kreditere Statsbygg

Eksteriør

Torget

Høgskoletorget, Campus Hamar
Foto: Statsbygg