Gå rett til topp meny Gå rett til meny Gå rett til innhold
 

"Den gyldne hjelm" går til Høgskolen i Bergen

Statsbygg inviterte i går alle dei som byggjer den nye Høgskolen i Bergen, til kaffi og kake for å feire at prosjektet har fått Den Gyldne hjelm , Statsbygg si utmerking for godt SHA-arbeid.
(15.06.2012)

Statsbygg har kontinuerleg mellom 160 og 200 prosjekt i ulike fasar under arbeid. Prisen "Den gyldne hjelm" blir delt ut to gonger i året, og vinnaren blir kåra blant prosjekta som er sette i gang.

Juryen si grunngiving

"Prosjektet er ein stor og kompleks byggjeplass. Heile prosjektorganisasjonen viser eit stort engasjement og høg kompetanse. Det er utarbeidd ein handlingsplan som blir etterlevd med gode resultat både på dokumentasjonen og for tryggleiken ute på byggjeplassen."

Frammøtte bygningsarbeidere
Frammøtte bygningsarbeidarar

Statsbyggs prosjektsjef Arne Solberg heldt ein tale for dei over 200 frammøtte frå byggjeplassen og takka for godt SHA-arbeid. Han oppfordra alle til å halde fram med det gode arbeidet. Sjølve hjelmen blei overrekt hovudbyggjeleiar Lars Furheim, som var representant for arbeidarane ute.

Høgskolen i Bergen er det største prosjektet Statsbygg held på med. Anlegget er på 51 000 kvadratmeter, har ei kostnadsramme på 2,4 milliardar kroner og skal stå ferdig til skolestart hausten 2014. Prosjektet er i rute både når det gjeld tid og kostnad. Les meir om prosjektet.

For meir informasjon:
Prosjektsjef Arne Solberg tlf:926 95 008
Avdelingsdirektør Mette Nordhus tlf: 900 30 577