Frøkvelven kåra til Årets anlegg
Svalbard globale frøkvelv i Longyearbyen er kåra til Årets anlegg 2008. Tildelinga skjedde under Byggegallaen i Oslo onsdag kveld
(26.03.2009)
Statsbygg var byggherre for frøkvelven som stod ferdig i februar 2008. Entreprenør var Leonhard Nilsen & Sønner, mens arkitekt var Barlindhaug Consult.
Svalbard Globale frøkvelv er etablert i permafrosten inne i fjellet på Svalbard og er konstruert for oppbevaring av sikkerheitsduplikat av frø frå frøsamlingar over heile verda. Anlegget består av tre separate fjellhallar med portalbygg og tilkomsttunnel og held ein konstant innvendig temperatur på minus 18 gradar celsius ved hjelp av eit eige elektrisk drive aggregat. Ved mellombels teknisk svikt vil permafrosten sørgje for ein tilfredsstillande temperatur i hallane.
Ved tildelinga av prisen "Årets anlegg 2008" framheva juryen at frøkvelven skil seg ut med den heilt spesielle funksjonen. Prosjektet er skildra som eit av dei viktigaste anlegga som finst, ikkje berre i norsk målestokk, men for verdssamfunnet.
− Prisen betyr mykje for oss i Statsbygg. Det har vore eit krevjande og heilt spesielt prosjekt å planleggje og gjennomføre, samtidig som det har eit så viktig overordna formål i global samanheng, seier prosjektleiar Magnus Bredeli Tveiten.
Les mer om kåringen på Byggeindustrien.no.
Kontaktpersonar i Statsbygg:
Prosjektleiar Magnus Bredeli Tveiten: 911 79 441
Kommunikasjonsrådgivar Pål Weiby: 922 333 95
Klikk på biletet for større format.

Svalbard globale frøkvelv
Foto: Jaro Hollan
Ved bruk i media, hugs å kreditere fotograf/Statsbygg.