Grunnstein på Fosshaugane
Fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys legg ned grunnsteinen for Sentralbygget på Høgskulen i Sogn og Fjordane torsdag. Statsbygg vil vere byggherre for nybygget på Fosshaugane campus som er venta å stå ferdig i 2012.
(01.09.2009)
I seremonien torsdag 3. september kl 11.00, vil òg Statsbyggs administrerande direktør Øivind Christoffersen og rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Åse Løkeland, delta.
Bratt
Tomta der Sentralbygget skal liggje, er svært bratt. Det har vore ei utfordring i planlegginga, men Arkitektgruppen Lille Frøen, som vann plan- og designkonkurransen med forslaget sitt "Missing Link", har funne ei god løysing. Nybygget vil liggje som eit midtpunkt og binde saman dei tre andre eksisterande bygga. Trass i at det er 25 meter i høgdeforskjell mellom Stadionbygget på det øvre nivået til Fossbygget på det nedre, vil Sentralbygget sørgje for at skoleområdet står fram som ein heilskap med gode kommunikasjonslinjer og gangvegar mellom bygningane.
Sentralbygget vil vere rundt 7600 kvadratmeter og romme bibliotek, læresenter, undervisningsrom, kantine og kontor.
Pressa
Representantar frå media er velkomne til å ta del i grunnsteinsnedlegginga.
Kontaktpersonar i Statsbygg:
Prosjektleiar Brit Helene Øygard – 913 13 770
Kommunikasjonsrådgivar Pål Weiby – 922 333 95

Lille Frøen arkitekter AS
Foto: Kim Müller