Gå rett til topp meny Gå rett til meny Gå rett til innhold
 

Høgskulepark for mange i Førde

Ein gong var det eit usjarmerande område med parkeringsplassar som ikkje blei brukte. I dag er det ein flott park som blir brukt av så vel studentar som lokalbefolkninga. Høgskoleparken ved Høgskulen i Sogn og Fjordane i Førde gler mange.
(31.08.2010)

Prosjekteringa starta hausten 2008, og prosjektet blei ein del av tiltakspakken frå regjeringa. Hovudarbeidet blei ferdigstilt i november i fjor, og såinga og plantinga blei gjorde i vår. Derfor var Høgskuleparken fin og grøn ved den offisielle opninga i august.

Aktiv bruk

Hovudelementa i parken er sandvolleyballbanen, grillplassen og stigen langs elva. I tillegg har badekulpen ved elva blitt rydda fram på ny. Det var tradisjonelt ein stad for bading før vegetasjonen overtok elvekantane.

– Stigen langs elvekanten er òg eit sikringstiltak. For nokre år sidan begynte elva sakte, men sikkert å ete seg inn i elvebreidda mot ein av skolebygningane. Dette kunne blitt eit alvorleg problem ved høg vassføring, derfor har vi sikra det, fortel overarkitekt Alda Christensen i Statsbygg.

– Tanken med stigen er i tillegg å knyte høgskulen nærmare til sentrum, og det er lov å håpe at gangstigen vår blir vidareført og kopla saman med elvestigen i sentrum, påpeiker Christensen.

Meir levande

Ideen om ein høgskulepark kom frå Statsbygg.

– Både høgskulen og kommunen var positive til forslaget. Parken gjer skulen meir synleg, og både sandvolleyballbanen og grillplassen gjer det lettare for studentane å ta utomhusareala i bruk. Det at andre òg går tur her, gjer staden meir levande, om kvelden og i helgane òg, seier initiativtakar Christensen.

Landskapsarkitekt har vore Kari Johanne Flataker frå Ålesund; Røyseth Maskin AS frå Naustdal fekk entrepriseoppdraget. Sluttprisen blei 4,9 millionar kroner.

Kontaktperson i Statsbygg:
Overarkitekt Alda Christensen – 950 09 894
Kommunikasjonsrådgivar Pål Weiby – 922 333 95



Klikk for høyere oppløsning.

Ballbaner
Ballbanar

Sikret gangvei
Sikra gangveg langs elva

Badekulp
Nyrydda badekulp