Gå rett til topp meny Gå rett til meny Gå rett til innhold
 

Lysprisen 2009 til Operaen og Frøkvelven

Operahuset og Svalbard globale frøkvelv gjekk av med Lysprisen 2009 for høvesvis innandørs og utandørs belysning.
Byggherre og eigar: Statsbygg
(05.11.2009)

Det blei dobbeltsiger for Statsbygg då Norsk Lyspris for 2009 blei utdelt. Operahuset i Bjørvika fekk prisen for innandørs belysning, mens Svalbard globale frøkvelv i Longyearbyen fekk prisen for utandørs belysning.

Statsbygg har vore byggherre for både den nye operaen og frølageret, og begge prosjekta fekk stor merksemd då dei blei ferdigstilte i 2008. Under utdelinga av Norsk Lyspris i Bærum kulturhus onsdag blei det meir heider og ære til dei to prosjekta.

Svalbard globale frøkvelv

Prisen for utandørs belysning gjekk til den kunstnariske utsmykkinga av frøkvelven, "Perpetual repercussion" av kunstnaren Dyveke Sanne. Utsmykkinga framhevar at frøkvelven inneheld noko verdifullt og flott, og bygget skin nærmast som ein diamant. I vurderinga frå juryen blir dette beskrive som eit særeige prosjekt både når det gjeld det kunstnariske, innhaldet og det arkitektoniske.

Operahuset

Juryen er imponert over kor godt lyset er integrert i arkitekturen i det nye operahuset. Dette er særleg tydeleg i publikumsareala. I vurderinga blir det òg lagt vekt på den utstrakte bruken av ny teknologi, mellom anna i kunstverket til Olafur Eliasson i lobbyen. Lysdesignen i operaen er utført av Lars Bylund og Per Harald Rasmussen.
Juryen roste Statsbygg og Kunst i offentlige rom (KORO) for vilje til å gå nye vegar.

Norsk lyspris

Norsk lyspris er etablert av Lyskultur - Norsk kunnskapssenter for lys og blir delt ut annakvart år. Formålet med Norsk Lyspris er å setje søkjelyset på og synleggjere lyskulturen i Noreg. Les meir på lyskultur.no.

Kontaktperson i Statsbygg
Kommunikasjonsrådgivar Pål Weiby -922 333 95


Kan brukast av pressa. Krediter fotograf/Statsbygg.
Klikk for større format.
Svalbard globale frøhvelv
Svalbard globale frøkvelv
Foto: Jaro Hollan

Operaen, adkomst til galleriene
Operahuset i Bjørvika
Foto: Trond Isaksen