Gå rett til topp meny Gå rett til meny Gå rett til innhold
 

Mykje vil ha meir

Operahuset i Bjørvika, som allereie har vunne fleire prisar, har no fått endå ei utmerking: The European Prize for Urban Public Space.
(09.04.2010)

Statsbygg var byggherre og Snøhetta arkitekt for det nye operahuset som opna i april 2008. Prisdrysset for nyskapinga i hamneområde i Oslo har mellom anna inkludert Mies van der Rohe-prisen, Statens byggeskikkpris, «Årets beste kulturbygg» under Under World Architecture Festival med fleire.

No kan ein ny pris leggjast til skrytelista: European Prize for Urban Public Space 2010. Operahuset delte førsteplassen med eit friluftsbibliotek i den tyske byen Magdeburg.

European Prize for Urban Public Space er ein toårleg konkurranse organisert av seks europeiske institusjonar innanfor arkitektur og byutvikling og med formålet å stimulere til betre offentlege byrom. Prisen blir delt ut annakvart år – i 2010 for sjette gongen. Det er CCCB, Centre de Cultura Contemporània de Barcelona, som står for utdelinga.

I vurderinga blir Operaen beskriven som eit bygg som reiser seg opp frå vassflata, og som gir publikum moglegheita til å gå på taket med ei strålande utsikt over byen og fjorden.


Urbant operatak

Foto: Jan Thomas Espedal