Gå rett til topp meny Gå rett til meny Gå rett til innhold
 

Pris til Ivar Aasen-tunet

Ivar Aasen-tunet i Ørsta var eit av fem bygg som i går fekk A. C. Houens fonds diplom for framifrå arkitektur. Statsbygg var byggherre da bygginga med det nasjonale senteret for nynorsk skriftkultur tok til i 1999, og Sverre Fehn blei engasjert som arkitekt.
(04.04.2008)

Kulturminister Trond Giske delte ut A. C. Houens fonds diplom, som er den fremste heideren for arkitektur i Noreg.

 Ivar Aasen-tunet stadfestar at ein kan skape stor arkitektur med få verkemidlar. ”Med tildelinga av denne utmerkinga håper vi at Sverre Fehns lavmælte, men tydelige materialbruk og storslagne romanslag vil fortsette å inspirere norske byggherrer og arkitekter” står det i grunngjevinga til juryen.

Prisen blir delt ut etter innstilling frå landsstyret i Norske Arkitekters Landsforbund, og er den einaste reine arkitekturprisen i Noreg. Prisen blei delt ut første gongen i 1904. Til no er 95 bygningar blitt heidra slik.

Ivar Aasen-tunet blei opna i 2000 og har tidlegare fått Betongtavla for framifrå byggjekunst i betong og byggjeskikkprisen frå Ørsta kommune. Det er tredje gongen eit av bygga til Statsbygg har fått A.C. Houens diplom sidan 2000. Også Arkitekthøgskolen i Oslo og Justervesenet på Kjeller har motteke dette diplomet. Sjå fleire av prisane til Statsbygg her.

 

Kontaktpersoner i Statsbygg:
Eva Kvandal, tlf. 22 95 40 05/90 17 33 30
 
 

 

 


Ivar Aasen-tunet
Foto: Jaro Hollan