Statsarkivet i Bergen skal byggjast ut
Statsbygg har fått i oppdrag frå Kultur- og kyrkjedepartementet å gjennomføre eit byggjeprosjekt ved Statsarkivet i Bergen. Utbygginga skal sikre framtidig magasinbehov og betre publikumsforholda.
(16.04.2009)
Byggjeprosjektet omfattar eit tilbygg til og ei ombygging av eksisterande publikumsbygning. Utbygginga skal sikre Statsarkivet sine framtidige arealbehov og tilfredsstille moderne funksjonskrav.
Brutto arealramme for magasinbygget blir 3746 kvm. Hovudbygningen skal byggjast om for å tilfredsstille alle tekniske og publikumsmessige krav.
Arbeidet startar allereie hausten 2009 og er venta å vere ferdig ved årsskiftet 2020–2011. Dette vil ha ein positiv effekt på situasjonen for byggje- og anleggsbransjen i Bergen.
Les pressemelding frå Kultur- og kyrkjedepartementet.
Les meir om Statsarkivet i Bergen på nettsidene deira.
Klikk for større format

Fasade

Gavlvegg

Hall
Alle foto: Statsbygg