Gå rett til topp meny Gå rett til meny Gå rett til innhold
 

Statsbygg med fornya miljøsertifisering

Utskriftsvennlig side

Statsbygg har no fått fornya miljøsertifikatet sitt, ISO 14001, for tre nye år. Sertifikatet omfattar produksjon og leveranse av Statsbygg sine hovudverksemdsområde, som er gjennomføring av byggjeprosjekt, planlegging, rådgiving og forvaltning i tillegg til drift og vedlikehald av statlege bygg i Noreg.
(15.02.2010)

Fornyinga av sertifikatet blei gitt på bakgrunn av ein revisjon i regi av Teknologisk Institutt Sertifisering AS. Det blei ikkje funne avvik i denne revisjonen.

– Dette sertifikatet har vi grunn til å vere særs stolte over, seier May Balkøy, utviklingsdirektør i Statsbygg . – Det dokumenterer ikkje innsatsen til éin person, men tvert imot fortel sertifikatet at heile Statsbygg har gjort ein innsats. Miljøstyringssystemet skal medverke til at vi kontinuerleg blir betre innan miljø, og at vi har ein reiskap til å systematisere forbetringsprosessane. Når vi har nådd målet om forbetringar, skal vi setje oss nye mål for å bli endå betre.

Revisjonen blei gjennomført i eigedomsforvaltninga, i fagleg ressurssenter, i nokre byggjeprosjekt og i miljøleiinga. I hovudrapporten går det mellom anna fram at Statsbygg har utvikla høvelege verktøy som på ein god og profesjonell måte legg vekt på brukarane, at Statsbygg har god gjennomgang av fasane i prosjekta, ein fagleg sterk ballast og er bevisst eigne moglegheiter når det gjeld miljø. I tillegg er det framheva at det er valt gode og balanserte miljøløysingar i prosjekta, og at miljøleiinga har identifisert gode moglegheiter for forbetring i styringssystemet.


Kontaktperson i Statsbygg

Seniorrådgjevar Hilde Sæle , tlf. 22 95 42 40