Bergenhus Festning
Bergenhus er ein av dei eldste og best bevarte festningane i Noreg.
(02.09.2010)
Bergenhus
Bergenhus har i 750 år prega innseglinga til Vågen, den indre hamna i Bergen. Bergenhus kan delast inn i tre hovudområde: det indre festningsområdet frå mellomalderen, Koengen og Sverresborg.
Det indre festningsområdet frå mellomalderen er kringsett av eit forsvarsverk som blei påbegynt i 1660-åra, og er eit femkanta irregulært polygon med bastionar. Her ligg Håkonshallen (1261), Portkastellet (del av festningsanlegget til Håkon Håkonsson) og Rosenkrantztårnet (første fase oppført i 1273 av Magnus Lagabøte) i tillegg til Jørgen Hanssøns ringmur (ca. 1520).
Håkonshallen - festsalen til kongen
Håkonshallen er nærmare 750 år gammal og blei bygd av kong Håkon Håkonsson som kongebustad og festsal. Då son hans, Magnus Håkonsson Lagabøte, gifte seg med den danske prinsessa si, Ingeborg, i 1261, var det dekt til 2000 menneske. ”Kongane heldt til i steinhallen”, heiter det i sagaforteljinga.
I Håkonshallen bur det mykje historie. Her blei den første lova som gjaldt for heile Noreg, sannsynlegvis skriven, og det var på denne tida, på midten av 1200-talet, at Noreg fekk den første hovudstaden sin: Bergen.
Les meir om og sjå bilete frå Håkonshallen.
Rosenkrantztårnet
Rosenkrantztårnet blir rekna for å vere det flottaste renessansebygget i landet. Det er ruvande og dystert og samtidig elegant og stramt, med den vesle laukkuppelen på taket, krenelering langs tårnkrona og fin symmetri i plasseringa av rundboga vindaugsopningar. I hjørna er det firkanta tilhogd stein, og i høgd med den nedste vindaugsrekkja finst ei måla tavle med heraldiske fargar, monogrammet til Fredrik II og byggjeåret 1563. Det er ein type veggpryd som er spesiell for nordisk renessansebygging.
Tårnet inneheld ein labyrint av tronge passasjar, vindeltrapper og små salar – kvar etasje er delt i minst to rom. Som vanleg i vakttårn heilt frå mellomalderen var nedste etasjen ei vaktstove.
Les meir om Rosenkrantztårnet.
Arrangørane
Nasjonale Festningsverk
Noreg har 14 nasjonale festningsverk. Desse festningane er viktige forteljarar av ei 700 år lang forsvarshistorie. Nasjonale Festningsverk (NFV) skal bringe festningane inn i ei ny tid og bevare eigenarten og historia gjennom å utvikle festningane til attraktive arenaer for kultur, næringsliv og opplevingar.
Bergenhus er eit av desse festningsverka. Les om Bergenhus Festning på nettsidene til Nasjonale Festningsverk.
Bymuseet i Bergen
Bymuseet i Bergen er eit av dei største kulturhistoriske museum i landet. Bymuseet står for drifta av mange ulike museer i Bergen. Med 81 bygningar og unike gjenstandssamlingar forvaltar Bymuseet i Bergen meir bergenshistorie enn nokon annan institusjon og meir byhistorie enn noko anna norsk museum.
Håkonshallen og Rosenkrantztårnet er ein del av Bymuseet i Bergen. Sjå nettsidene til Bymuseet i Bergen.
Statsbygg
Statsbygg forvaltar ei rekkje eigedommar som har stor symbolverdi og er viktige for heile nasjonen. Håkonshallen og Rosenkrantztårnet er blant desse.
Vi må ta omsyn til dei kulturhistoriske verdiane når vi skal forvalte eigedommane på ein heilskapleg måte. Les meir om Statsbygg sitt arbeid med kulturminnevern.
Kjelder: Bymuseet i Bergen m.a.