Bygg for alle
Statsbygg har dei seinare åra gjennomført ei omfattande registrering av tilkomsten i bygningane sine og er no i gang med tiltak for å betre tilhøva.
(24.07.2008)
Systemet Bygg for alle skal gi Statsbygg ei betre oversikt over tiltak som må gjennomførast for å betre tilkomsten i bygga.
I tillegg til å vere eit registreringsverkty, gir Bygg for alle publikum høve til å sjekke tilkomsten til bygg som Statsbygg eig, via ein eigen nettstad. Nettstaden eller publikumsmodulen i Bygg for alle omfattar i dag 300 av dei viktigaste bygningane til Statsbygg.
Bygg for alle blei ferdigutvikla i 2007 og kvalitetssikra saman med mellom andre brukarar frå organisasjonar for funksjonshemma.
Bygg for alle er utvikla av Statsbygg på basis av eit europeisk registreringssystem: you-too. Registreringane til Statsbygg er gjorde med dette systemet, men fordi Bygg for alle vart utvikla i etterkant, er alle registreringane konverterte over i dette systemet.
Bygg for alle nyttar tilrådingane i handboka Bygg for alle, utgitt av Statens bygningstekniske etat og Husbanken, som standard krav til universell utforming.
Utviklinga av Bygg for alle er støtta av Miljøverndepartementet og Informasjonsprogrammet om universell utforming i byggsektoren, som er eit samarbeid mellom Husbanken og Statens bygningstekniske etat.
Les meir om Statsbyggs arbeid med universell utforming i nye og eksisterande bygningar.
Gå til nettstaden Bygg for alle