Kulturminneåret 2009
Statsbygg eig og forvaltar mange verneverdige eigedommar og kulturminne på vegner av staten. I løpet av kulturminneåret 2009 vil Statsbygg opne mange av desse eigendommane for publikum.
(27.03.2009)
Kulturminne har stor symbolverdi for mange. Dei fortel vår felles historie og er ein del av vårt felles minne. Gjennom bygningsarven kan ålmenta sjå og forstå noko av historia og utviklinga i nasjonen.
Kulturminne frå dagleglivet er tema for Kulturminneåret 2009. Mange menneske har arbeidsplassen sin i verneverdige bygningar som Statsbygg forvaltar. Statsbygg skal derfor både ta omsyn til kulturminneverdiane og samtidig sørgje for ei god forvaltning og drift av eigedommane.
Les meir om Statsbygg i Kulturminneåret 2009.
Publikasjonar til nedlasting: