Prisar
Statsbygg har teke imot rundt 25 prisar berre sidan 2000. Nokre av dei er mindre kjende, som Lysprisen, Murverksprisen og Betongtavlen. Andre er meir kjende, og heng høgt i bransjen. I Statsbygg er vi stolte av dei alle.
(12.11.2009)
– Å ta imot ein pris er ei stor ære. Og trass i at Statsbygg, som ein av dei største byggherrane i landet, tek imot mange prisar, blir eg alltid både audmjuk og stolt over å ta imot eit slikt heidersteikn, seier administrerande direktør Øivind Christoffersen i Statsbygg.
– Det gjeld så vel små som store prisar, for eg veit at bak kvart bygg ligg det mykje arbeid, og bak kvar pris står det ein fagleg dyktig jury og mange kriterium som Statsbygg strevar etter å fylle. Dersom eg likevel skal velje meg ut to prislønte bygg frå mi tid som leiar i Statsbygg, vil eg velje Ivar Aasen-tunet og Domus Academica. Dei representerer to typar bygg – nybygg og rehabilitering – og dei viser at Statsbygg tek samfunnsansvar når det gjeld både satsing på arkitektur og vern av kulturarven, held Øivind Christoffersen fram.
Pritzker Architecture Prize
Dei gjævaste prisane I det internasjonale arkitektmiljøet er det Pritzker Architecture Prize som er den gjævaste prisen. Prisen går til arkitekten sjølv, og blir delt ut årleg til ein arkitekt som gjennom arbeidet sitt har vist «evne, visjon og engasjement til å skape varige og utmerkede bidrag til menneskeheten og de bygde omgivelser gjennom kunstarten arkitektur». I Noreg er det berre éin arkitekt som har fått denne prisen, og det er Sverre Fehn. Han har teikna fire bygg for Statsbygg. Det er den nordiske paviljongen i Venezia (1958), Skådalen offentlige skole for døve (1976), Ivar Aasen-tunet (2000) og det nyopna Arkitekturmuseet (2008).
A.C. Houens fonds diplom
Her i Noreg er det nok A.C. Houens fonds diplom som er mest ettertrakta blant arkitektane sjølve. Diplomet blir delt ut av Kulturdepartementet etter innstilling frå landsstyret i Norske arkitekters landsforbund (NAL). Denne prisen går til sjølve bygget, og heile fem av bygningane til Statsbygg har fått prisen i nyare tid.
Anton Christian Houen blei fødd i Arendal i 1823, og slo seg opp som handelsmann i Newcastle. Han oppretta eit fond for å fremme «en bedre og renere arkitektur i Norge», der «fremragende, selvstendige og arkitektonisk gjennomførte arbeider» skulle påskjønnast. Første gongen prisen blei delt ut, var i 1904. Den gongen var det Regjeringsbygningen, bygningen der Finansdepartementet no held til, som tok prisen.
Diplomlønte bygg I løpet av dei siste 25 åra har fem Statsbygg-bygningar teke imot A.C. Houens fonds diplom. Siste gongen var i april i år, då Ivar Aasen-tunet, som Sverre Fehn har teikna, fekk prisen. Universitetssenteret på Dragvoll i Trondheim (arkitekt Henning Larsen) kunne ta imot diplomet i 1983, og Medisinsk senter i Trondheim (arkitekt Per Knudsen) fekk det i 1994.
I 2000 fekk Justervesenet på Kjeller diplomet. Bygget er teikna av arkitekt Kristin Jarmund og blei ferdigstilt i 1997. For å ta vare på heilskapen i miljøet rundt er bygningen plassert slik at han ser ut som om han er hogd inn i det skrånande landskapet. Den mest sensitive delen av laboratoriet er lagd til den lågaste delen av bygget for å sikre maksimal stabilitet. Bygget for Justervesenet består eigentleg av to parallelle bygningar, bundne saman av eit atrium, noko som bidreg til å få meir dagslys inn i kontora. Kristin Jarmund har tidlegare uttalt at Justervesenet på Kjeller er det nest beste prosjektet ho har vore med på. Det er ikkje så verst når ein veit at det beste prosjektet er dottera hennar!
I 2003 fekk Arkitekthøgskolen i Oslo A.C. Houens fonds diplom. Det er arkitektkontoret Jarmund og Vigsnæs som står bak rehabiliteringa av lokala i Maridalsveien 29, som opphavleg blei bygde i 1936–1938 som transformatorverkstad for Oslo Lysverker. Det er lagt stor vekt på å ta vare på det opphavlege, sidan bygningen står på den gule lista til Byantikvaren. Fasaden mot Maridalsveien og elva er bevart nær opp til det opphavlege, medan nokre større endringar er gjorde inne i gardsrommet. Her er det mellom anna opna opp ved hjelp av store glasfasadar for å auke gjennomstrøyminga av lys i bygningen. I interiøret er galvanisert stål, pussa betong og industriparkett med på å knyte den moderne skolen til den opphavlege industribakgrunnen.
Les meir om prisar Statsbygg har teke imot.
Tekst: Eva Kvandal, Statsbygg
Klikkbare bilete kan brukast av pressen. Hugs å kreditere fotograf/Statsbygg.

Operahuset i Bjørvika. Foto: J.Hollan
Arkitekt: Snøhetta
Prisar i hopetal!

Justervesenet. Foto: Kim Müller
Arkitekt Kristin Jarmund

Arkitekt- og designhøgskolen Foto: T.Isaksen
Arkitekt: Jarmund/Vigsnæs AS
Universitetsbygget på Dragvoll
Foto: Jiri Havran
Arkitetkt: Henning Larsen