Gå rett til topp meny Gå rett til meny Gå rett til innhold
Bygdø Kongsgård. Foto: Jiri Havran
Tronka. Foto: Thor Nielsen
Finansdepartementet. Foto: Jiri Havran
Kvitsøy trafikksentral. Foto: Jaro Hollan
 

Vern om historia vår

Bygningar har ei historieforteljande kraft, og vi oppsøkjer gjerne bygningar når vi vil vite meir om fortida og historia. Statsbygg forvaltar ei rekkje eigedommar som har stor symbolverdi og er viktige for heile nasjonen. Vi ynskjer å ta omsyn til dei kulturhistoriske verdiane og forvalte eigedommane på ein heilskapleg måte. Korleis?
(19.06.2007)

Samla oversikt over verneverdige eigedommar 

Statsbygg tek no føre seg alle dei kulturhistoriske eigedommane sine. Dette arbeidet er eit ledd i prosjektet Statens kulturhistoriske eigedommar, som for første gong vil gje ei samla oversikt over eigedommane til staten og klassifisere dei som verneverdige eller ikkje.
Les om dette arbeidet og om landsverneplanar.

Vern gjennom bruk

Vern gjennom bruk er ein viktig føresetnad for å kunne vedlikehalde gamle bygningar.
Les om Campus Rommetveit - verneverdige bygningar i dagleg bruk som høgskole.

Førebilete for andre

Statsbygg har vesentleg erfaring på området, og det er eit mål for Statsbygg å bli eit førebilete for andre når det gjeld forvalting og utvikling av kulturminne i statleg eige. Statsbygg har peikt ut dette som eit av satsingsområda sine.
Sjå eksempel på nokre av Statsbyggs kulturhistoriske eigedommar.

Auka kunnskap og kompetanse

Statsbygg har brei erfaring med å ta godt vare på bygg og eigedommar, noko som også kjem til nytte når dei kulturhistoriske eigedommane i Noreg skal vernast. I Statsbygg er det ei eiga faggruppe som arbeider med kulturminnevern.  Les meir om oppgåver og utfordringar dei har i arbeidet.

 

Les Åpent rom nr. 1, 2007: Tema Kulturminnevern