Gå rett til topp meny Gå rett til meny Gå rett til innhold
Bygdø Kongsgård. Foto: Jiri Havran
Tronka. Foto: Thor Nielsen
Finansdepartementet. Foto: Jiri Havran
Kvitsøy trafikksentral. Foto: Jaro Hollan
 

Landsverneplanar og forvaltningsplanar

Staten eig ei mengd eigedommar frå ulike epokar, og mange av dei har stor økonomisk og kulturhistorisk verdi. Bygningane er også viktige når vi skal fortelje historia om den norske staten.
(19.06.2007)

Førre gongen dei statlege eigedommane blei registrerte var på 1930-talet. Den gongen blei det vedteke at eigedommane ikkje skulle fredast etter kulturminnelova, men handsamast som administrativt freda bygningar i statleg eige. I ettertid kan vi se at dette kanskje ikkje var den beste løysinga. Eigedommane har lege under ei rekkje ulike etatar med varierande kunnskap om kulturminnevern. Staten har fram til no nyleg heller ikkje hatt nokon einskapleg politikk for korleis ein best skal forvalte bygningane.

Det blir no utarbeidd landsverneplanar for dei ulike sektorane, og etter kvart skal det også utarbeidast forvaltingsplanar for kvar einskild eigedom. Ut frå faglege vurderingar skal Statsbygg avgjere om bygningane med tilhøyrande uteareal anten bør fredast etter kulturminnelova eller bevarast etter plan- og byggingslova, og korleis dei skal forvaltast. Landsverneplanane vil synleggjere historia i dei einskilde sektorane, avklare kva som skal vernast, og leggje grunnlaget for god eigedomsforvalting.

Kva er ein landsverneplan?
Ein landsverneplan er ei samla oversikt over ei gruppe kulturminne og kulturmiljø innafor ein statleg sektor, sett på bakgrunn av historia til sektoren og med det føremålet at dei skal vernes.

Statsbygg registrerer kulturhistoriske eigedommar

Som ein del av prosjektet Statens kulturhistoriske eiendommar (sjå under) er Statsbygg i gang med eit omfattande arbeid med å registrere eigne kulturhistoriske eigedommar. Dette har som hovudmål:

  • å skaffe oversikt over kva for eigedommar som er verneverdige 
  • å gi støtte til landsverneplanane i dei ulike sektorane
  • å utarbeide overordna retningslinjer for forvalting av dei verneverdige eigedommane

Alle statens kulturhistoriske eigedommar

Statens kulturhistoriske eigedommar er eit prosjekt under Fornyings- og administrasjonsdepartementet, FAD som omfattar alle statens eigedommar i sivil sektor. I prosjektet skal ein:

  • registrere alle statlege bygningar med omsyn til verneverdi
  • initiere landsverneplanar for dei ulike statlege sektorane og dessutan rettleie sektorane i dette arbeidet
  • lage overordna retningslinjer for korleis ein skal forvalte Statens kulturhistoriske eigedommar

Kilde: Åpent rom nr. 1, 2007


Høyesteretts hus. Foto: Jiri Havran
Høyesteretts Hus, Oslo

 

Les meir om Statsbyggs arbeid med Kulturminnevern.

Verneplanar og fredningar: Sjå Riksantikvarens nettstad

FAD-prosjektet Statens kulturhistoriske eiendommer