 |
Hardanger sorenskrivargard, Ullensvang I eit praktfullt fjordlandskap med fjell i bakgrunnen ligg den karakteristiske og velproporsjonerte sorenskrivargarden, som prototypen på eit klassisk kluturminne. Sorenskrivarbygningen blei oppført i 1923 og er eit typisk vestlandshus med liggjande panel, smårutete vindauge, nybarokke detaljar kring dører og vindauge, vipp på taket og midtstilt gavlparti. Det var lenge tradisjon å tilby bustad til statens tenestemenn slik at dei kunne kombinere bufunksjon og praktisering av embetet. I nyare tid har ein gått bort frå dette, og i dag rommar sorenskrivargarden Hardanger tingrett. |
 |
Det borgerlige sykehuset, Trondheim Sjukehuset ligg på Kalvskinnet, ein bydel med 1000 år gamal historie. I området ligg fleire historiske institusjonar og verneverdige anlegg som til saman utgjer eit kulturmiljø med høg verdi. Eitt av desse er det borgarlege sjukehuset frå 1805. For å fatte spennet i kulturminnevernet er det viktig å ikkje gløyme detaljane. Opphavlege bygningsdelar har langt større kulturminneverdi enn nye bygningsdelar og -materialar. Ofte er det, som biletet viser, ei steinhelle eller ei lampe i eit inngangsparti som i sum gir oss ei kjensle av å vere i ein historisk bydel. |
 |
Y-blokka i regjeringskvartalet og Høgsterett, Oslo Bygga ligg i same område og er ygde for å huse statlege oppgåver. Høgsterett, den dømmande makta, stod verdig i 1903, og Y-blokka stod ferdig i 1969. Idealet for utforming og detaljering er radikalt endra på desse vel 60 åra. Høgsterett er prega av historismestilen og har mange detaljar på golv, vegger og tak, medan Y-blokka har rein og enkel detaljering. Materialane er av høg kvalitet, men hovudinntrykket kan verke røft og i klar kontrast til den forfina foajeen i Høgsterett. I Y-blokka kjem ein trappefritt rett inn i resepsjonen, medan ein i Høgsterett har eit trappeanlegg som er vakta av løver. |
 |
Frogner hovedgård, Skien Frogner er bygd som ein landstad med italienske villaer frå renessansen som førebilete. Hovudbygningen har form og stil som understrekar dette føremålet. Første etasje, som blei oppført i 1825–30, og andre etasje, oppført i 1840, dannar saman ei særs vellykka eining. Bygningen har midtparti med søyler som ein klassisk villa, og han har typiske ny-renessansedetaljar som til dømes lysmåla hjørnekvadrar. Han skal sjå ut som ein murbygning, men bygningen på Frogner er bygd i tre. Frogner blei seinare teken i bruk som permanent bustad, og i 1850-åra blei det laga ein engelsk landskapshage. Kommunen kjøpte garden i 1914 og nytta han til småbruks- og husmorskole. Sidan brukte barnevernet bygningane, og Statsbygg tok over Frogner då barnevernsinstitusjonane gjekk over i statleg eige. Frogner hovudgard er staden der Stompa-filmane blei spelte inn; Langåsen pensjonat er i røynda Frogner hovudgard. Heile gardsanlegget er freda. |
 |
Jotkajavre fjellstove, Alta Fjellstovene i Noreg har historie heilt attende til 1100-talet. Fjellstovene på Finnmarksvidda er utstyrte med badstove og enkle gjestestover med køyer, og har som hovudoppgåve å vere sikringsstover for folk i fjellet. Etter at tyskarane brende ned store delar av Finnmark i 1944, stod berre ei handfull bygningar att. Gjestestova på Jotkajavre, som blei oppført i 1920, var ei av dei. Etter krigen blei nye stover bygde, og i dag er det Reindriftsforvaltinga som driv dei. Stovene ligg i samisk kjerneområde, og Sametinget har sagt at fjellstovene har kulturhistorisk verdi. Det samiske namnet Jotkajavre skildrar staden der stova ligg: ved ei grunn elv som bind saman vatna på kvar side av stova. |
 |
Trondheim tinghus, Trondheim Arkitektkonkurransen for Trondheim tinghus blei lyst ut i 1936, men bygget stod ferdig først i 1951. Eksteriøret er typisk for slutten av 30-talet, med dei klare hovudformene i form av karakteristiske, repeterande detaljar. Mot Munkegata har det eine hovudromfanget vertikalt preg med ståande vindauge, medan det andre romfanget står horisontalt med liggjande vindaugsband som er ramma inn oppe og nede. Opphavleg romma tinghuset funksjonar som skattefut, politimeister, elektrisitetstilsyn og Statens vegvesen, i tillegg til å fungere som rettsbygning. I dag husar bygningen ulike rettsfunksjonar med tilhøyrande kontorlokale. Fleire bygg frå denne perioden har no behov for vedlikehald, og det er viktig å ta særskilt omsyn til dei arkitektoniske og kulturhistoriske verdiane og sikre at desse ikkje går tapt. |
 |
Den gamle husmorskolen, Høgskolen i Finnmark, Alta Anlegget er frå 1950-talet i karakteristisk gjenoppbyggingsarkitektur der lokale materialar er brukte i enkle og tradisjonelle former. På denne tida var skoleinternat vanleg, ikkje minst i Finnmark, der avstandane er store. Skoleanlegget bestod også av fjøs og gartneri, og husstellundervisinga blei såleis kombinert med opplæring i jordbruksdrift. |
 |
Høgskulen i Volda Skolen kom i drift i 1880 og var ein privat lærarskole fram til staten kjøpte landbrukseigedommen i 1924. Dette året blei det oppført eit nytt skolebygg med monumental form: markant midtparti, høg sokkel, stor trapp, store vindauge og midtkorridor. Denne forma blei ofte brukt på skolebygg frå siste halvdel av 1800-talet og fram til 1930-talet. |