Gå rett til topp meny Gå rett til meny Gå rett til innhold
Økonomidir. Harald Kvinge, HSH. Foto: Thomas Bjørnflaten
Høgskolen Stord Haugesund, Rommetveit. Foto: Statsbyggs arkiv
Høgskolen Stord Haugesund, Rommetveit. Foto: Østrem foto
Seminarhagen. Foto: Thomas Bjørnflaten
 

Verneverdig høgskole

Éin av dei kulturhistoriske eigedommane til Statsbygg er Campus Rommetveit på Stord, ein del av Høgskolen Stord/Haugesund, som blei etablert i 1994. Men historia går betydeleg lenger tilbake i tid. Stord Seminar, ei av dei eldste lærarutdanningane i Noreg, blei etablert på Tyse Prestegard i 1839, eit steinkast sør for høgskolebygningane vi finn på Rommetveit i dag.
(20.06.2007)

I 1866 flytta Seminaret ned til Rommetveit, og her held skolen framleis til. Det er eit vakkert område som ligg ned mot fjorden, med fjell i alle synsretningar. Fleire av bygningane som blei reiste den gongen skolen var ny, er framleis i bruk. Gjennom åra har det dessutan vore fleire rundar med bygging, ombygging og modernisering, noko som gjer høgskoleområdet til ein unik katalog over byggjeskikk i ulike tidsepokar. Det er dette som gjer skolen verneverdig, meiner Statsbygg, men for brukaren fører denne statusen med seg ei blanding av ærekjensle, uvisse og forventing.

Ønskjer kunnskap

– Vi er stolte av dei gamle bygningane, men føler at vi har mangla kunnskap om korleis vi skal ta vare på dei på riktig måte, seier Harald Kvinge, økonomisjef og driftsansvarleg ved skolen. – Vi skjønar at det ikkje berre er å gå i gang med målarspann og pensel, men vi er usikre på korleis vi skal rehabilitere bygningane.  Nettopp derfor blir det bra å få ein forvaltingsplan for heile høgskolen og kyndig rettleiing frå Statsbygg.

Kvinge viser rundt i det som var hovudbygningen i 1866, og som i dag er administrasjonsbygget til skolen. På 1990-talet fekk det gamle bygget eit stort tilbygg med glastak, ei løysing som truleg er funksjonell, men også kontroversiell.
– Vi har vant oss til det, men det er delte meiningar om kor vellykka det er, seier
Kvinge. Han vedgår at han er meir konservativt av natur og gjerne ser at bygningane blir tilbakeførte til slik dei såg ut då dei var nye.
– Men eg forstår jo at det kan vere vanskeleg. Behov og krav endrar seg, og vi kan ikkje drive høgskole i eit museum. Mellom anna må vi no tilpasse bygningen til prinsippa for universell utforming slik at dei er tilgjengelege for alle. Det er ikkje lett med gamle hus. Nettopp derfor er det så viktig at vi får kyndig rettleiing i korleis vi skal ta vare på bygningane, og at vi får ein plan for heile området.

Kva skal vi ta vare på?

Ein stor del av bygningsmassen er frå 1960-talet, då talet på studentar auka kraftig. På denne tida blei også fleire av dei eldste bygningane moderniserte på ein måte som ikkje ivaretok dei kulturhistoriske verdiane vi ser i dag. Eit døme er gymnastikkbygningen, som var oppført i 1922 for å tene som både gymnastikksal og konsert- og teaterscene. På slutten av 1960-talet blei scena brutalt riven, og bygningen blei endra til ein rein gymsal med linoleumsgolv, ribbevegger, bommar og klatretau.
– No er han gammaldags. Skal gymsalen tilfredsstille dagens krav, må vi gjere noko med han. Men kva? spør Kvinge retorisk. – Skal vi forsøkje å tilbakeføre interiøret til slik det var i 1922, eller til slik det var på 1960-talet? Eller skal vi modernisere bygningen heilt innvendig og berre ta vare på eksteriøret slik det var? Det er slike spørsmål vi må ta stilling til når vi lagar ein forvaltingsplan for skolen. Vala vi tek, får også innverknad for kva vi kan bruke lokalet til. Skal det brukast som gymsal, eller er det betre eigna til kulturføremål som teater og musikk? Dei same problemstillingane gjeld fleire av bygningane på området, seier han.

Skaper identitet

Kvinge meiner høgskolen kan gjere fullt ut bruk av både den vakre plasseringa og dei unike kulturhistoriske verdiane når dei skal konkurrere om studentane.
– Bygningane og heile anlegget er med på å gi skolen identitet og særpreg. Eg håper vi skal greie å skape ei felles forståing blant elevane og lærarane på skolen om verdien av å ta vare på dei beste kvalitetane ved bygningane, seier han.
– Eg ønskjer å gi studentane ei kjensle av at det er noko særskilt ved å studere her. At dei får kjensla av å vere del av ein lang tradisjon.

 

Kilde: Åpent rom nr. 1, 2007
Tekst: Morten Ryen, fetetyper.no