Gå rett til topp meny Gå rett til meny Gå rett til innhold
 

Prisar og utmerkingar

Statsbygg legg vekt på kvalitet i byggjeprosjekta sine og har teke imot ei rekkje ulike prisar for dei. Bygg som Statsbygg har vore byggherre for, har òg motteke mange utmerkingar. Her finn du prisar som Statsbygg og Statsbygg sine byggjeprosjekt har motteke sidan 2000. Les meir om prisar i Åpent rom 2/2008.

Prisar i 2013

- Gulating lagmannsrett fekk Årets fasadepris 2013. Bergensavisen, Bergen Arkitektforening og Design Region Bergen deler ut prisen. Les om tildelinga.

Prisar i 2012

- Houens Fonds Diplom - den høgast hengande arkitekturprisen i Noreg - blei tildelt operaen i Bjørvika.

Prisar i 2011

- Oslo bys arkitekturpris 2011 til det nye informatikkbygget, IFI2 ved Universitetet i Oslo. Les om tildelinga.

- Uteområdet ved Høgskolen i Hedmark, Campus Hamar fekk Hamar kommunes byggeskikkpris for 2011Les om tildelinga

Prisar i 2010

- International Architecture Award  2010 til Operaen i Oslo. Prisen blir delt ut av The Chicago Athenaeum: Museum of Architecture and Design i samarbeid med The European Centre for Architecture Art Design and Urban Studies.

- Arnstein Arnebergs pris blei tildelt arkitektfirmaet HLM arkitektur frå Bergen for Halden fengsel. Statsbygg var byggherre for Halden fengsel. Prisen er det Østfold arkitektforening som deler ut.

- The European Prize for Urban Public Space til Snøhetta og Statsbygg for - Operaen, vel. Prisen blir delt ut kvart anna år. Les kva vi skreiv

- Arkitekturmuseet fekk ærevisinga Honorable Mention ved den hollandske betongforeninga sitt arrangement Betondag i november dette året.

Prisar i 2009

- Lysprisen 2009 gjekk til Svalbard globale frøkvelv for beste utandørs belysning og til operahuset i Bjørvika for beste innandørs belysning. Les meir om prisane.

- Betongtavlen 2009 gjekk til Nasjonalmuseet - Arkitektur for meisterleg byggjekunst i betong. Les meir om prisen og grunngivinga frå juryen

- Snøhetta og Statsbygg fekk 1. premie for interiøret i operahuset i Designers Saturday Awards i september. Les kva Statsbygg skreiv.

- Mies van der Rohe-prisen, EU sin pris for samtidsarkitektur og ein av verdas viktigaste arkitekturprisar, blir delt ut kvart anna år. I konkurranse med 340 europeiske prosjekt blei operaen tildelt prisen. Les meir om tildelinga av prestisjeprisen.

- Frøkvelven blei kåra til Årets anlegg 2008 på Byggegallaen i mars 2009. Les kva juryen sa om prosjektet i pressemeldinga 26. mars.

- Byggeindustriens æresprisar blei delt ut for første gong i år. Ekstra ære var det då at dei gjekk til prosjektdirektør Roar Bjordal for sin eineståande leiing av operaprosjektet og til Statsbygg - "en byggeherre som går foran i det å bygge funksjonelle bygg hvor det også legges stor vekt på det indre og ytre miljø samt universell utforming. I tillegg åpner Statsbygg for spektakulær og visjonær arkitektur" i følgje juryen. Les meir om tildelinga.

- Fiabci Norways Eiendomspris 2009 gjekk til Nasjonalmuseet - Arkitektur. Statsbygg var ansvarleg for restaureringsarbeida og for oppføringa av den nye paviljongen på Bankplassen 3 i Oslo.

- Designmuseet i London deler kvart år ut prisane Brit Insurance Designs of the Year til dei mest nyskapande, interessante og framtidsretta designprosjekta frå heile verda. Operaen blei i 2009  kåra til vinnaren i kategorien for arkitektur i konkurranse med 12 andre prosjekt.

 

Prisar i 2008

- Høgskolen i Molde fekk Fagbevegelsens miljøpris for Møre og Romsdal 2008. Høgskolen i Molde er ein av dei 40 høgskolane rundt om i landet som Statsbygg eig og driftar. Les meir.

- Time Magazine kåra Svalbard globale frøkvelv til den sjette beste nyskapinga i verda i 2008. Statsbygg var byggherre for frøkvelven. Sjå heile lista på nettstaden til Time.

- Under World Architecture Festival i Barcelona blei operahuset i Bjørvika i Oslo kåra til beste kulturbygget i 2008. Prisen blei tildelt arkitekten, Snøhetta. Statsbygg var byggherre for operabygget. Les grunngjevinga frå juryen.

- Arkitektkontoret Snøhetta blei tildelt Statens byggeskikkpris 2008 for utforminga av det nye operahuset. Over 70 kandidatar var foreslåtte til prisen i år, men ingen av dei kunne nå opp i konkurransen om prestisjebygget. Snøhetta var arkitekt for operahuset, og Statsbygg var byggherre. Les meir om prosjektet på operasidene til Statsbygg.

- A.C. Houens fonds diplom for framifrå arkitektur 2008 gjekk til Ivar Aasen-tunet og fire andre bygg. Sverre Fehn var arkitekt og Statsbygg byggherre for Ivar Aasen-tunet som stod ferdig i år 2000. Les meir i pressemeldinga og sjå ferdigmeldinga for Ivar Aasen-tunet. A.C. Houens fonds diplom er den høgaste utmerkinga for norsk arkitektur. Les meir på NAL sine nettsider.

 

Prisar i 2007

- I arkitektkonkurransen Copper in Architecture Awards 2007, klassen for europeiske bygg, fekk arkitektane Jarmund/Vigsnæs og Statsbygg heiderleg omtale for UNIS-bygget på Svalbard. Les omtalen på nettstaden til Copper Development Association. Sjå ferdigmeldinga frå 2006.

-  Oslo bys arkitekturpris for god byarkitektur 2007 gjekk til Universitetet i Oslo og Statsbygg for arbeidet med å restaurere Urbygningen, Domus Academica. Tema for prisen i 2007 var vedlikehald og utbetring av eldre/bevaringsverdige bygningar. Les pressemeldinga.

-  Statens byggeskikkpris 2007 blei tildelt Oslo kommune og Statsbygg for Pilestredet Park. "Gjennom vakker utforming av uteanlegg og bygninger med ny funksjonalitet knyttet til byøkologiske mål, har området også en pedagogisk effekt for alle som bor eller ferdes i området". Les grunngjevinga frå juryen. Både Statsbygg og Oslo kommune har gitt bort prisen på 300.000 kroner til universell utforming i Pilestredet Park.

 

Prisar i 2006

- Europa Nostra 2006, tredjeplass i klassen for bevaring av historiske bygningar gjekk til Statsbygg for restaureringa av Domus Academica (Urbygningen), Universitetet i Oslo. Ifølgje juryen blir prisen tildelt for den komplekse restaureringa og den funksjonelle oppgraderinga av ein av dei mest praktfulle, ny-klassisistiske bygningane i Nord-Europa.  Les pressemeldinga.

- Betongelementprisen 2006 gjekk til Longva Arkitekter AS for Statens havarikommisjon for transport, andre byggjetrinn. Betongelementprisen er ei påskjønning for estetisk gode og funksjonelle bygg. Statsbygg var byggherre for tilbygget og forvaltar eigedommen som ligg på Kjeller i Akershus.

- Selskapet for Trondhjem Bys Vel har gitt årets pris til besøkssenteret ved Nidarosdomen. Bygget sto ferdig sommaren 2006. "...besøkssenteret er nøye avbalansert i forhold til omgivelsene og ... er blitt en liten attraksjon i seg selv" sa Finn Haugan då han overrekte prisen. Besøkssenteret er teikna av Eggen Arkitekter AS. Les meir om prisen.

- Trondheim kommunes byggeskikkpris for 2006 gjekk til Eggen Arkitekter AS og Statsbygg for besøkssenteret ved Nidarosdomen. Det er første gongen denne prisen blir delt ut.  Les grunngjevinga frå juryen.

 

Prisar i 2005

- Hålogaland teater blei kåra til Årets bygg 2005 under Byggedagene 2006. Prisen gjekk til hovudentreprenøren Bjørn Bygg i Tromsø. "Som byggherre er det hyggelig at et av våre prosjekter vinner en prestisjepreget pris som dette. Vi har hatt et godt samarbeid med Bjørn Bygg i dette prosjektet. De er en verdig vinner", sa Øivind Christoffersen, administrerande direktør i Statsbygg.

- Oslo bys arkitekturpris for 2005 fekk Statsbygg for prosjektet Pilestredet Park. Temaet for årets pris er berekraftige bustadprosjekt ved transformasjon og byfortetting. Statsbygg har hatt det overordna ansvaret for utvikling av Pilestredet Park. Les pressemeldinga.

- Årets grønne park 2005 gjekk til Gamlehaugen i Bergen. Statsbygg har eigedommen til forvaltning og fekk plakett og diplom fra Norske anleggsgartnere (NAML) som gir ut prisen kvart år. Les meir i pressemeldinga.

 

Prisar i 2004

- Murverksprisen 2004 gjekk til arkitektane bak Høgskolen i Agder/Gimlemoen, Lunde & Løvseth Arkitekter AS. Juryen la i grunngivinga si særleg vekt på det robuste, klare og presise uttrykket bygget gir. ”Anlegget er på nærmere 40 000 kvm, men fremfor en mer bymessig organisering, har arkitektene valgt å legge bygningsvolumene lavt og spredt", heiter det i grunngivinga.

 

Prisar i 2003 

- Lysprisen 2003 (utandørsbelysning) gjekk til Statsbygg for lyssettinga av Munkholmen. Statsbygg fekk óg heiderleg omtale for restaureringa av "den franske salen" - no kafé - i Nasjonalgalleriet. Les pressemeldinga med omtale av begge prosjekta.

- A.C.Houens fonds diplom 2003 gjekk til Statsbygg og arkitekt Jarmund/Vigsnæs AS for Arkitekthøgskolen i Oslo. Å byggje vidare på eit eksisterande verneverdig verk krev både mot og audmjukskap. Arkitekthøgskolen i Oslo har fått eit bygg som bind saman det beste av klassisistisk teglsteinsmodernisme med det beste av norsk samtidsarkitektur - eit bygg som markerer ei ny tid i utdanninga av arkitektar i Oslo, heiter det i vurderinga frå juryen.

- Fiabci Norways Eiendomspris 2003 gjekk til Polarmiljøsenteret - Polaria i kategorien spesielle bygg og for Sametingsbygningen i kategorien offentlege bygg. Sametingsbygningen og Polarmiljøsenteret - Polaria representerer god norsk arkitektur og byggjeskikk, og det er interessant å vise Noreg og resten av verda korleis bygningsarkitekturen er tilpassa omgivnadane på ein svært god måte, sa juryen.

Prisar i 2002

- Nordnorsk arkitekturpris for 2002 blei tildelt Sametingsbygningen. Arkitektane Stein Halvorsen og Christian Sundby tok i mot diplomet og bygget fekk ein plakett som markerer tildelinga.

- Arkitekthøgskolen i Oslo blei som éin av tre kandidatar (av i alt 22) innstilt til Oslo kommunes pris for god byarkitektur 2002. Det var første gongen Oslo kommune delte ut ein slik pris. Les omtale.

Prisar i 2001

- Statens byggeskikkpris 2001 fekk Statsbygg og arkitektane Stein Halvorsen og Christian Sundby for Sametingsbygningen i Karasjok. "Bygget representerer et vesentleg bidrag i arbeidet med å fremme god byggeskikk", sa juryen. Les pressemeldinga frå Statsbygg om tildelinga.

- Lysprisen 2001 gjekk til Arkitekthøgskolen i Oslo ved Statsbygg. "Arkitekthøgskolen utmerker seg særlig ved at lys, dagslys og kunstig lys, på en eksemplarisk måte står fram som integrert med arkitekturen", heiter det i grunngivinga frå juryen.

- Haugesund kommunes byggjeskikkpris 2001 fekk Statsbygg for Høgskolebygget i Haugesund, Bjørnsons gate 45. Utførande arkitektar var Østgaard AS ved siv.ark. Terje Grønmo. Les grunngivinga frå juryen.

- ØkoByggs miljøpris 2001. I grunngivinga for prisen la ØkoBygg vekt på blant anna miljøtiltaka i utviklinga av Fornebu og Pilestredet Park. "Statsbygg har løftet miljø opp som en sentral del av strategien og er en normsetter i næringen" sa juryen. Les pressemeldinga.

Prisar i 2000

- A.C.Houens fonds diplom2000 mottok Statsbygg og arkitekt Kristin Jarmund for Justervesenet på Kjeller. Houens fonds diplom er den viktigaste arkitektpris i landet og blir sjeldan delt ut. Justervesenet har tidlegare óg fått Skedsmo kommunes byggeskikkpris.

- Statens byggeskikkpris 2000 blei tildelt Ullensvang forskningssenter ved arkitekt Lund Hagem Arkitekter AS og Statsbygg som eigar av bygget. Grunngivinga frå juryen: Ei sjeldan perle av eit industribygg. Ullensvang forskningssenter er eit førebilete for utforming av industrianlegg.

- Betongtavlen 2000 fekk Statsbygg saman med arkitekt Sverre Fehn for Ivar Aasen-tunet. Betongtavlen 2000 fekk vi òg for Realfagbygget ved NTNU i Trondheim saman med arkitektkontora HUS og Narud, Stokke, Wiig AS. Betongtavlen blir delt ut av Norsk betongforening for "utmerkt byggjekunst i betong med tanke på miljømessig, estetisk og teknisk utnytting."

- Tilgjengelighetsprisen 2000 blei tildelt Statsbygg for Statens hus i Steinkjer. Norges blindeforbunds tilgjengelighetspris blir sjeldan delt ut og heng høgt.

- Kommunalt diplom 2000. Oslo kommunes komité for premiering av hagar og grøntanlegg heidra Statsbygg med diplom i 2000 for utforminga av Høyesteretts plass i Oslo. Det blei lagt vekt på det positive i at det var staten som gjekk føre med eit godt eksempel ved utforming og pryding av det offentlege rommet når det gjeld arkitektur og estetiske løysingar.


Oppdatert: 20.01.14

Fasade, natt
Gulating lagmannsrett. Foto: Ivan
Brodey

Eksteriør
IFI2. Foto: Ivan Brodey

Campus Hamar
Campus Hamar

Halden fengsel
Halden fengsel. Foto: Trond
Isaksen


Frøkvelven Foto: Jaro Hollan
Operabygget 
Operaen. Foto: Jaro Hollan

Høgskolen i Molde
Høgskolen i Molde Foto: Jaro Hollan

Forskningsparken, Svalbard
UNIS Foto: Nils PetterDale


Domus Academica (Urbygningen)
 Foto: Jaro Hollan

Pilestredet park, oversikt
Pilestredet park, oversikt 

Statens havarikommisjon
Statens havarikommisjon
Foto: Jaro Hollan

Nidarosdomen, besøkssenter
Nidarosdomen, besøkssenter
Foto: Jaro Hollan
  

Hålogaland teater
Hålogaland teater. Foto: Jaro Hollan

Gamlehaugen
Gamlehaugen Foto: Erik Hagesæter

Gimlemoen
Høgskolen (no Universitetet) i Agder, Gimlemoen
Foto: Jaro Hollan

Munkholmen
Munkholmen

Arkitekthøgskolen i Oslo
Arkitekthøgskolen i Oslo
Foto: Jaro Hollan
  

Polaria, Tromsø
Polarmiljøsenteret, Polaria
Foto: Jiri Havran
  

Sametingsbygningen
Sametingsbygningen
Foto: Jaro Hollan

Høgskolen i Haugesund
Høgskolen i Haugesund

Justervesenet
Justervesenet, Kjeller

Ullensvang forskningssenter
Ullensvang forskingssenter
Foto: Jiri Havran
  

Ivar Aasen-tunet
Ivar Aasen-tunet Foto: Jaro Hollan

Statens hus, Steinkjer
Statens hus, Steinkjer

Høyesteretts hus
Høyesteretts hus, Oslo