Kunsthøgskolen i Bergen
Statsbygg har fått i oppdrag å planleggje nytt høgskoleanlegg for Kunsthøgskolen i Bergen, KHiB, med utgangspunkt i eit studenttal på 300. Tomta ligg på Møllendal i Bergen der det står ein særeigen industrihall frå 1950-talet, ein del av Sverre Muncks kranfabrikk. Tomta er på 11,45 daa og er ått av staten ved Statsbygg. Steinmuren og trea langs Møllendalsveien har kulturhistorisk verdi, og delar av muren skal vernast.
KHiB leiger i dag lokale seks stader i Bergen, noko som fører til tungvint drift. Forvaltning og drift av ein samla bygningsmasse skal gi vesentlege innsparingar i energibruk, transport og andre driftsutgifter. Dei nye lokala skal fremje det tverrfaglege og utviklinga av samansette kompetansar.
Nye lokale for KHiB skal stimulere til auka tilhøyrsle, til fellesskap mellom dei tilsette og mellom utdanningane/profesjonane og skal fremje eit dynamisk arbeids- og læringsmiljø.
| Oppdragsgivar |
Kunnskapsdepartementet |
| Prosjektering |
Sjå prosjekteringsgruppe |
| Byggjestad |
Møllendal, Bergen |
| Brutto bygningsareal |
14.500 kvm |
| Miljø |
Les meir |
| Byggjestart/ ferdigstilling |
primo 2013 / 2016 |
| Status |
Forprosjektfase |
| Kostnadsestimat |
763 mill. kr pr. 01.01.2011 |
| Prosjektnummer |
98041 |
| Prosjektleiar |
Johan Borud |
Parti frå Møllendalsveien med steinmur