Statsbyggs miljøstyringssystem
"Miljøstyring er et redskap til bruk for å redusere bedrifters negative innvirkning på det ytre miljøet. Det går ut på at en bedrift formulerer en miljøpolitikk med tilhørende miljømål, for så å styre aktiviteter, produkter og tjenester for å nå målene. Dette foregår ofte integrert i bedriftens andre styrings- og ledelsesfunksjoner." (standard.no)
Krava til miljøstyringssystem og tilhøyrande hjelpemiddel er gitte i standardane i NS-EN ISO 14000-serien. Statsbyggs miljøstyringssystem skal baserast på den internasjonale standarden NS-EN ISO 14001:2004.
Denne standarden gir ei oppskrift på korleis eit miljøstyringssystem skal sjå ut. Han er generell i forma, ettersom han skal kunne brukast i alle typar verksemder, men somme grunnleggjande dokument og system skal finnast:
- Miljøpolitikk
- Oversikt over miljøpåverknadene til verksemda
- Miljømål for kontinuerleg betring av miljøprestasjonen
- Prosedyrar og rutinar for ei god handtering av aktivitetar med miljøpåverknad
- Miljøretta leiing med jamlege evalueringar av status
Verksemder som ønskjer det, kan sertifisere sitt miljøstyringssystem, det vil seie få ein uavhengig tredjepart til å kontrollere om det tilfredsstiller krava i standarden.
Statsbygg er miljøsertifisert iht. ISO 14001 og har vore det sidan 2006.
