Arkeologisk museum, Stavanger
Arkeologisk museum i Stavanger held til i dei tidlegare lokala til Frue Meieri i bydelen Våland sentralt i Stavanger.
Museet ligg i utkanten av eit av dei karakteristiske bustadområda med tett trehusbusetnad frå perioden 1900–1920, den såkalla hermetikkperioden i næringshistoria til Stavanger.
Meieriet blei bygd i 1928–29 etter teikningar av arkitektane Kavli og Krogseth. Bygningen som er oppført i tegl, naturstein og betong i eit nøkternt, nyklassisistisk formspråk, vender seg i nord mot det tidlegare Stavanger sjukehus som seinare er teke i bruk som administrasjonsbygg for Rogaland fylkeskommune. Sjukehusbusetnaden ligg omkrinsa av ein praktfull park og høyrer historisk til i ein storstilt utbyggingsperiode frå slutten av det 19. hundreåret. Stavanger fekk då reist ei rekkje monumentalbygg i mur i eit arkitektonisk formspråk som til då ikkje hadde vore særleg nytta i trehusbyen Stavanger. Teateret, Stavanger museum, Turnhallen og dei eldste delane av Stavanger sjukehus blei alle reiste i åra 1880–1900 etter teikningar av arkitekt H.A. Eckhoff.
Den gamle meieribygningen føyer seg, trass plasseringa mellom vanlege bustader, òg fint inn i dette overordna landskapet av monumentalbygg.
I 1991 kunne museet opne første trinnet i eit stort og ambisiøst utbyggingsprogram som totalt inneber full rehabilitering av det gamle meieribygget og eit nybygg som erstatning for eldre fløyer i bakgarden. Første trinnet omfatta utstilingslokale i heile første etasje i gamlebygget. Museet fekk då eit storslått utstillingsrom med karakter av gamle frilagde teglsteinar i veggflatene, eit golv i massiv eikeplank, og med innslag av skifer, granitt og marmor i det som hadde vore den gamle mjølkebutikken.
I mai 1994 stod så det andre byggjetrinnet ferdig: eit nybygg som inneheld ny publikumstilkomst, auditorium, kantine, fleire utstillingslokale og tekniske laboratorium. Museet fekk med nybygget ansiktet vendt frå bustadene og mot byen: mot overordna gatenett og bypark, i nært samspel med fleire andre offentlege kulturinstitusjonar: Fylkesadministrasjonen, Stavanger museum, Rogaland teater osv.

Mot Erlands gate. Foto: Jiri Havran

Laboratorium. Foto: Jiri Havran

Meieributikken Frue meieri nå Arkeologisk museum.
Foto: Waldemar Eide / UiS. Kan brukes av pressen.
Klikk for større format