Bergskrivergården, Røros
Bergskrivergården blei oppført i 1793 som administrasjonsbygning for Røros kobberverk. I dag er garden brukt som kontorlokale for lensmannen på Røros. Han er ått og forvalta av Statsbygg.
Den praktfulle hovudbygningen på Bergskrivergården blei oppført av Røros kobberverk i 1793 som bustad og kontor for bergskrivaren. Bygningen var administrasjonsbygningen til bergverket fram til verket blei lagt ned i 1977. Saman med fleire andre bygningar i Røros blei hovudbygningen freda i 1940. Byplanen over Røros frå tidleg på 1700-talet med to hovudgater er framleis godt synleg, og Bergskrivergården ligg sentralt plassert i Storgata. Den unike trebusetnaden er historisk dokumentasjon over industriverksemd og jordbruksdrift i eit fjellandskap.
I 1981 blei området oppført på lista UNESCO har over verdas kultur- og naturarv. Bergskrivergården har klassiske trekk i Louis-seize-stil og er smykka med ein staseleg tofløya dørportal. Nytt panel, vindauge og brystningslister i sveitserstil kom til i 1900. I 1956 blei bygningen tilnærma tilbakeført til opphavleg utsjånad. Ei ny ombygging av interiøra blei utførte i 1978.
I samband med at Statsbygg overtok eigedommen, blei innvendig platekledning erstatta av perlestaffpanel i 1993. Bergretten og bergstadsforsamlinga brukte ”amtstusalen” i andre etasje, og det opphavlege veggpanelet og golvet er teke vare på i salen. Den opphavlege himlingen forma som ein avskoren pyramide er òg teken vare på bak den noverande himlingen.
Klikk på bileta for større format .

Detalj. Foto: Statsbygg

Innvendig trapp. Foto: Statsbygg