Dømmesmoen
Universitetet i Agder flytter ut av lokala på Dømmesmoen i 2009. Statsbygg, som har vore eigar sidan 1996, ønskjer å finne ut kva eigedommen skal brukast til i framtida.
Med dei kulturhistoriske bygningane, fornminna, florarikdommen, det særeigne kulturlandskapet og historiske forankringa er Dømmesmoen ein eineståande kulturhistorisk eigedom. For Statsbygg, som har kulturminne og kulturhistoriske eigedommar som satsingsområde, er det viktig å ta vare på det særmerkte ved Dømmesmoen i den vidare utviklinga.
Det var gardsdrift på Dømmesmoen fram til 1921 då Statens gartnarskole blei lagt på området. På 1990-talet blei Universitetet i Agder leigetakar, og komplekset er i dag drive som eit kurs- og konferansesenter med undervisning i grøne fag.
Mangfald
Heilt sidan jernalderen har det vore busetnad på Dømmesmoen, som ligg på ein stor endemorene frå siste istida. Det finst rikeleg med arkeologiske funn, deriblant smykke og bautasteinar, og på området er det er fleire gravhaugar og steinsetnader. 16 av bygningane på Dømmesmoen er vurderte å ha kulturhistorisk verdi.
Dømmesmoen består av eit indre og eit ytre parkområde, skog og dyrka mark. I parken finst ei av dei største samlingane av tre, buskar, staudar, blomar og planter i landet, totalt 750 artar tre og over 350 forskjellige staudeartar. Parkområda er bygde opp omkring Dammen, eit naturleg oppkomme som tidlegare var vassforsyning til Grimstad by.
500 år gammal eik
Det biologiske mangfaldet er enormt. Dømmesmoen er eit einaste blomeflor frå tidleg på våren til langt utpå hausten og har ein fantastisk park med eit veldig rikt utval av planteslag. Rosefelta med svært mange ulike sortar blømer store delar av sommaren. I parken finst ”Edens Hage”, der Knut Hamsun gjekk då han skreiv ”På gjengrodde stier”, og ”Ibsens Urtehage” som er knytt til tida til Henrik Ibsen som apotekarlærling i Grimstad. Dømmesmoeika, som står ved Dammen, er eit imponerande syn. Det 500 år gamle eiketreet har ein stammeomkrins på over sju meter.
Kulturvern gjennom bruk
Korleis dei unike kvalitetane og identiteten til eigedommen kan vidareutviklast, er eitt av spørsmåla Statsbygg står overfor når det skal kartleggje moglegheitene for det framtidige Dømmesmoen.
Statsbygg ønskjer kulturvern gjennom bruk framfor ei rein ”museal” tilrettelegging. Vi må tenkje økonomi, samfunnsansvar og tilfredse kundar. Behova, ønska og interessene til både Statsbygg, leigetakar og samfunnet må takast vare på. Det er ein utfordrande balansegang. Vi ønskjer å finne det ”riktige” innhaldet som ein slik spesiell eigedom bør fyllast med.
Føregangsprosjekt
Målet er at Dømmesmoen skal bli eit føregangsprosjekt for Statsbygg i utvikling og forvaltning av kulturhistoriske eigedommar for levande bruk. Det er eit prosjekt som er avhengig av god kommunikasjon med lokale styresmakter, lokalpolitikarar og brukarar.
Forprosjektet er avslutta, og det er utarbeidd ein eigarstrategi for Dømmesmoen. Eigarstrategien gir føringar for kva satsingsområde som skal undersøkast nærmare i hovudprosjektet. Kultur vil vere eit viktig verkemiddel for å utvikle Dømmesmoen til ein attraktiv stad – både for brukarar og leigetakarar. Vidare er hagebruk, reiseliv, helse og undervisning aktuelle formål. Statsbygg ser på fleire moglegheiter, og det er viktig å vere open for nye løysingar òg med tanke på eigarstruktur og driftstype.
I 2010 vil bygningane på Dømmesmoen stå tomme, og nye brukarar må vere klare til å flytte inn!
Kjelde: Åpent rom 2/2007. Fritt etter Pål Weiby
Sjå faktaark for Dømmesmoen (pdf)
Les meir om utviklingsprosjektet for Dømmesmoen i Åpent rom 4/2008.
Klikk på bileta for større format:

Bygg B. Foto: Statsbygg

Klokkebygningen. Foto: Statsbygg

350 staudeartar. Foto: Statsbygg

Det finst 750 tresortar i hagen.
Foto: Statsbygg