Historia til Eidsvollsbygninga
Carsten Anker fekk oppført hovudbygningen på jernverket i åra rundt 1800. I ein fjern utkant av Europa bygde Anker ein av dei største og mest moderne privatbustadene i Noreg, inspirert av den siste moten i fransk og dansk arkitektur.
Arkitekten var kanskje dansken Stanley, men Carsten Anker var sjølv svært aktiv i utforminga av huset.
Huset blei ”[...] af urimelig størrelse [...]”, skriv Anker sjølv. Samla golvflate blei meir enn 2000 m2, og det til berre eit ektepar med nokre tenarar. Huset står i dag tilsynelatande som då Carsten Anker måtte forlate eigedommen etter konkursen i 1822. Det ytre preget og den indre planløysinga er betre tekne vare på enn det som er vanleg med så gamle hus. Men innandørs er endringane relativt store: Møblar, dekkjetøy, lintøy, bøker, lamper, pyntegjenstandar – så å seie alt blei selt på auksjonen etter konkursen til Carsten Anker.
Ein mindre del av inventaret til Anker er kommen tilbake ved gåver og kjøp. Elles er huset tidsriktig utstyrt ved hjelp av innkjøp og av lån frå andre museum. Mykje stammar frå Paléet i Oslo, som var residensen til Carsten sin fetter, Bernt Anker. Møblane som står i Eidsvollsbygningen i dag, utgjer ei stor samling av tidsriktige møblar, mykje i empirestil.
Kjelde Eidsvoll 1814.
Statsbygg har fått i oppdrag å utarbeide ein plan for restaureringa av Eidsvollsbygningen slik han var i 1814, i samarbeid med Riksantikvaren og Eidsvoll 1814. Restaureringa skal vere ferdig innan 2014. Frå 2014 vil Statsbygg overta forvaltninga, drifta og vedlikehaldet av det restaurerte anlegget. Restaureringa vil omfatte Eidsvollsbygningen, paviljongane og parken. Les om oppstartsseminaret i juni 2007.
Foto: Kjetil Bjørnsrud, Wikimedia Commons