Frogner hovedgård
Frogner hovedgård i Skien har vore fasjonabel landstad, gardsbruk og husmorskole. No skal både hovudbygningen og den engelske parken bli restaurerte til gammal prakt.
Konservator Jon Brænne i Norsk institutt for kulturminneforskning (NIKU) karakteriserer hovudbygningen på Frogner hovedgård som ein av dei finaste og mest gjennomførte empirebygningane i Noreg. Bygningen er tydeleg inspirert av italiensk renessansearkitektur, med søyler og måla hjørnekvadrar. Bygningen er ikkje i stein eller tegl, som du får inntrykk av på avstand, men han er bygd heilt i tre.
Huset blei bygd i éin etasje i 1825, men blei påbygd med ein etasje til, og i tillegg fekk han tilført fløybygning allereie i 1840. Byggherren var Christopher Hansen Blom (død 1879) som i tillegg åtte Bratsberg gård. Han brukte først Frogner som landstad, men garden blei etter kvart utvida og gjort om til bustad.
Garden har i tillegg til hovudbygningen to fløybygningar og ein stor driftsbygning oppført i 1849. Hagen blei laga i engelsk landskapsstil i 1850-åra.
Frogner hovedgård var opphavleg ein stor jordbrukseigedom, men då dåverande Gjerpen kommune kjøpte garden i 1914, blei jordbruksareala fråskilde og selde. I
bygningane blei Gjerpen småbruks- og husmorskole etablert. Telemark fylke kjøpte eigedommen i 1943 og vidareførte aktivitetane. I 1969 blei husmorskolen nedlagd, og bygningane blei gradvis tekne i bruk til andre formål, mellom anna til den administrative delen av barnevernsverksemda. Då staten overtok barnevernet i 2004, valde Statsbygg å innlemme Frogner hovedgård i porteføljen sin, trass i at eigedommen aldri hadde fungert som ein barnevernsinstitusjon.
Gardsanlegget er eit sjeldan godt bevart norsk eksempel på klassisk empirestil og er freda.
Fasadane på hovudbygningen skal no restaurerast. Planen er ei tilbakeføring av eksteriøret til 1840. Før dette arbeidet tek til, har Jon Brænne ved NIKU gjort fargeundersøkingar og laga retningslinjer for overflatebehandling.
Hovudbygningen er i god teknisk stand, trass i den betydelege alderen. Treverket i ytterkledningen er godt teke vare på under opptil 42 lag med måling. Analysar viser at bygningen har hatt mange ulike fargar opp gjennom åra, mellom anna kvit, rosa og diverse okervariantar. I dei tidlege fasane blei målinga blanda med kvartssand for å forsterke illusjonen av at dette var ein steinbygning. Inne i loggiaen finn vi det finaste eksempelet i Skiensfjorden på ”måla” arkitektur. På sideveggene er ”nisjar” med ”statuar” av høvesvis Ceres og Flora, med Merkur og Neptun over. Korleis dette skal handterast i restaureringa som no tek til, er enno ikkje avgjort. Når bygningen no skal målast på nytt, vil anbefalingane frå NIKU bli følgde til punkt og prikke.
Sjå faktaark om Frogner hovedgård (pdf).
Klikk på biletet for fullformat:

Frogner allé, 1904. Foto: Statsbygg

Loggiaen. Foto: Trond Isaksen

Måla dekorasjon. Foto: Trond Isaksen