Gå rett til topp meny Gå rett til meny Gå rett til innhold
 

Gamlehaugen, Bergen

Det var skipsreiar Christian Michelsen som i 1898 kjøpte ”Gamle Hougen” med ein villa i sveitserstil. På oppdrag frå Michelsen teikna arkitektprofessor Jens Zetlitz Kielland Gamlehaugen i 1899. Arkitekten er kjend for oppføringa av ei rekkje rikmannsbustader i Bergen med preg av fortid og mellomalder. Han teikna òg fleire hus i jugendbyen Ålesund. Etter at Michelsen døydde i 1925, blei Gamlehaugen overdregen til staten for takstverdi, 330.000 kroner, etter vedtak i Stortinget. Gamlehaugen har vore kongebustad heilt sidan Håkon VII levde.

Gamlehaugen ligg herskapeleg til, midt i eit velhalde parkanlegg seks kilometer utanfor Bergen sentrum. Christian Michelsen, statsminister i Noreg ved unionsoppløysinga frå Sverige, budde her i over 20 år, og då han døydde i 1925, blei det sett i gang ein landsomfattande innsamlingsaksjon for å skaffe pengar til eit fond for å ta vare på Gamlehaugen. Eigedommen blei overteken av staten og stilt til disposisjon for kongefamilien.

Gamlehaugen er bygd i mur med høge gavlar og tårn. Innandørs er det norsk nasjonalromantikk som dominerer. Hallen er prega av forseggjord treskjering og vovne teppe med motiv frå norsk mytologi og historie.

Opp gjennom åra har det vore mykje fornemt besøk på Gamlehaugen. Kong Haakon og dronning Maud besøkte staden fleire gonger, og Keisar Wilhelm av Tyskland la gjerne turen innom når han var i Noreg. Bjørnstjerne Bjørnson var òg ein hyppig gjest. Ein av dei nærmaste naboane til Michelsen var Edvard Grieg.

Bergen har eit vanskeleg klima for bevaring av bygningar. Det er mykje regn heile året, og temperaturen svingar rundt nullpunktet om vinteren. Det kan føre til fukt- og frostskadar. Mellom 1989 og 1991 blei det gjort store utbetringar. Heile den utvendige muren blei rehabilitert, og mykje av det innvendige treverket blei bytt ut fordi det var ròte.

Bygningsutbetringar på Gamlehaugen skjer alltid i samarbeid med Riksantikvaren. I samarbeid med Slottet og Riksantikvaren har Statsbygg utvikla ein forvaltningsplan for Gamlehaugen.

 


Musikkværelset
Musikkrommet. Foto: Jiri Havran


Parkanlegget. Foto: Askeland AS

Gamlehaugen

Foto: Askeland AS