Nordnorsk kunstmuseum
Sjøgata 1 er teikna av arkitekt og murmeister Søren Wiese Opsahl, og bygningen blei teken i bruk som postkontor og telegrafstasjon i Tromsø då han stod ferdig i 1917.
Bygningen blei i starten av 1970-åra ombygd for Troms politikammer og fungerte som politistasjon fram til 1996. Eigedommen er regulert for offentlege bygg. På grunn av den historiske verdien og arkitektoniske kvalitetar bygningen har, har byantikvaren engasjert seg i utforminga av fasaden.
Etter ombygginga som blei ferdigstilt i 2002, disponerer Nordnorsk Kunstmuseum 1770 m2 av dei 2780 m2 som bygningen har, rekna som bruttoareal. Sjøgata 1 utgjer halvparten av eit av dei mest sentrale kvartala i byen. Hovud- og sidefløyene til bygget krinsar rundt eit lite gardsrom. Hovudfløya vender seg mot det trekantforma parkrommet Roald Amundsens plass og det storslåtte landskapsrommet i sør og aust og mot Kirkegata som strekkjer seg frå hurtigrutekaien forbi domkyrkja til Storgata.
Opphavleg bygningsmasse
Bygningen rommar kjellar, tre etasjar, ein fjerde etasje med vindauge i takflata i tillegg til eit kaldt loft. Tidlegare ombyggingar har vore relativt omfattande, og mesteparten av det opphavlege interiøret er borte. Trass i dette er fasadane i pussa murverk godt tekne vare på. Mansardtaket er valma og blir bore av robuste trekonstruksjonar. Den øvre delen er tekt med skiferheller, mens den nedre delen er beslått. Berande skiljevegger er mura, og etasjeskiljarar over første etasje er utførte med trebjelkelag. Dekket over kjellaren, der eit tilfluktsrom og ein garasje har blitt passa inn ved tidlegare ombyggingar, er delvis utført i betong.
Intensjonar
Ved flyttinga til Sjøgata 1 fekk Nordnorsk Kunstmuseum ei optimal plassering i byen. Ei målsetjing ved ombygginga i 2002 var å gi så gode forhold som mogleg for utstilling av kunst etter krava som finst i dag, i ein bygning som både er frå ei anna tid, og som er bygd for andre formål. I plandisposisjonen er det lagt opp til at publikum skal oppleve museet som innbydande og oversiktleg, og at trafikkflyten gjennom utstillingsromma skal vere uanstrengt og naturleg. Planløysinga gjer avstenging av enkelte utstillingsrom mogleg etter behov.

Mot Sjøgata. Foto: Jaro Hollan

Utstillingsareale. Foto: Jaro Hollan
Magasin. Foto: Jaro Hollan