Gå rett til topp meny Gå rett til meny Gå rett til innhold
 

Nyrud politistasjon

Historia til Nyrud politistasjon er litt annleis enn historia til dei fleste andre politistasjonar. Nyrud politistasjon, opphavleg Nyrud gaard, ligg heilt sør i Pasvik. Som det opphavlege namnet fortel, så er staden eit av fleire gardsbruk øvst i Pasvik.

Etableringa av Nyrud gaard starta omkring 1920. Etter standarden på den tida var Nyrud ein veldriven og moderne gard med cirka 60 mål dyrka innmark og ei husdyrbesetning med mellom anna fire kyr og hest. Garden hadde eige sagbruk. Eigaren av garden var den driftige nybrottsmannen Ingvald Eriksen frå Herøy i Helgeland.

I 1955 overtok staten Nyrud gaard. Nyrud fungerte frå då av delvis som fast stasjon og delvis som utestasjon for grensepolitiet. Etter at bygginga av Hestefoss kraftverk blei starta i 1966, har Nyrud fungert slik han gjer i dag – det vil seie med fast mannskap.

Nyrud politistasjon ligg heilt nede ved Pasvikelva – cirka 3 kilometer aust for Gjøkåsen grensestasjon. Nyrud politistasjon er det siste bygget langs riksveg 885, og avstanden til Kirkenes er 10,5 mil. Nyrud politistasjon ligg mellom grensemerka 46 og 47, og avstanden til den norsk-russiske grenselinja er 150 meter. Stasjonen ligg i våtmarksområdet Øvre Pasvik og går inn i Pasvik naturreservat som blei oppretta i 1993.

Nyrud politistasjon er fast bemanna med polititenestemenn beordra inn frå heile landet. Politistasjonen disponerer vanleg politimateriell, og er godt utstyrt.

Tenesta på Nyrud politistasjon består primært av grensekontroll av den norsk-russiske grenselinja frå grensemerke 1 til grensemerke 196 i tillegg til etterforsking i saker som angår grensekrenkingar, vidare førebygging og etterforsking av saker som dreier seg om fauna- og miljøkriminalitet i ansvarsområdet. Mellom naturreservatet og nasjonalparken er det eit landskapsvernområde. Tenestemennene på Nyrud politistasjon samarbeider med grensestasjonane Svanvik, Skogfoss og Gjøkåsen. Det blir òg ytt bistand og service til befolkninga i området så langt dette er mogleg og tenesta tillèt dette.

Nyrud politistasjon ligg under Austfinnmark politidistrikt, med hovudsete i Kirkenes. Politistasjonen samarbeider med Kirkenes politistasjon ved trafikk- og utmarkskontrollar.
Tenesta ved Nyrud politistasjon er spesiell. Ein viktig føresetnad for tenesta er at tenestemennene som er beordra inn, er sjølvhjelpne, i stand til å bu aleine i tillegg til å vere glade i natur og friluftsliv.

Kjelde: Politiet, Østfinnmark politidistrikt

Statsbygg forvaltar Nyrud politistasjon.


Nyrud politistasjon
Foto: Statsbygg