Rosentrantztårnet
Rosenkrantztårnet er saman med Håkonshallen ein del av Bergenhus festning. Rosenkrantztårnet blir rekna som det viktigaste renessansemonumentet i Noreg.
Historikk
Holmen var kongen sitt hovudsete i Bergen ved starten på 1100-talet. For å sikre kongsgarden reiste kong Håkon Håkonsson (1217–1263) eit forskansa gardsanlegg i stein på Holmen i løpet av 1250-åra.
Håkon Håkonsson stod for fleire større byggjeprosjekt i stein, noko som var kostbart i Noreg på den tida. Det mest kjende bygget han fekk reist, var Håkonshallen på Bergenhus, som blei innvigd 11. september 1261, då kongsdottera Ingebjørg blei vigd til kong Magnus, seinare kjend som Magnus Lagabøte. I 1261 var det dekt til 2000 menneske i hallen då Håkon Håkonsson sikra kontinuiteten til kongemakta ved å krone sonen sin.
Frå 1240–1260 var regjeringstida til Håkon prega av indre fred, konsolidering, økonomisk framgang og mange internasjonale kontaktar. Dette var ei tid som har blitt omtalt som gullalderen til Noreg som kongedøme i mellomalderen.
Kongsgarden i stein på Bergenhus blei reist som eit monumentalt anlegg i tråd med den internasjonale smaken i samtida, som eit synleg teikn på ei framgangsrik kongemakt.
Dette anlegget har i 750 år prega innseglinga til Vågen, den indre hamna i Bergen. Bergenhus kan delast inn i tre hovudområde: det indre festningsområdet frå mellomalderen, Koengen og Sverresborg.
Det indre festningsområdet frå mellomalderen er kringsett av eit forsvarsverk som blei påbegynt i 1660-åra, og er eit femsifra irregulært polygon med bastionar. Her ligg Håkonshallen (1261), Portkastellet (del av festningsanlegget til Håkon Håkonsson) og Rosenkrantztårnet (første fase oppført i 1273 av Magnus Lagabøte) i tillegg til Jørgen Hanssøns ringmur (ca. 1520).
Alle desse mellomalderanlegga blir forvalta av Statsbygg.
I 1944 låg ammunisjonsskipet ”Voorboode” til reparasjon rett utanfor festningsmurane på Bergenhus. Skipet eksploderte då det blei bomba 20. april 1944 og la festningsanlegget på Bergenhus og store delar av området rundt Vågen i ruinar. Gjenreisinga starta med ein gong under leiing av arkitekt Gerhard Fischer, og arbeida heldt fram heilt til 1966.
Renessansestil
Rosenkrantztårnet blir rekna for å vere det flottaste renessansebygget i landet. Det er ruvande og dystert og samtidig elegant og stramt, med den vesle laukkuppelen på taket, krenelering langs tårnkrona og fin symmetri i plasseringa av rundboga vindaugsopningar. I hjørna er det firkanta tilhogd stein, og i høgd med den nedste vindaugsrekkja finst ei måla tavle med heraldiske fargar, monogrammet til Fredrik II og byggjeåret 1563. Det er ein type veggpryd som er spesiell for nordisk renessansebygging.
Tårnet inneheld ein labyrint av tronge passasjar, vindeltrapper og små salar – kvar etasje er delt i minst to rom. Som vanleg i vakttårn heilt frå mellomalderen var nedste etasjen ei vaktstove.
Freda bygning
Rosenkrantztårnet er automatisk freda som eit mellomalderanlegg. Bygg og anlegg på Bergenhus blei freda i 2006 og omfattar òg restaureringsarbeida. I fredingsvedtaket heitte det: ”Restaureringen og gjenreisningen av Bergenhus i årene 1944–1965 er ett av de største helhetlige tiltak av dette lag i landet etter krigen”.
Bruken i dag
Frå 1988 hadde Bryggens Museum det museale tilsynet med tårnet og dei mellomalderske attraksjonane på området. Frå 2005 overtok Bymuseet i Bergen dette ansvaret. Statsbygg overtok tilsynet med bygningen og vedlikehaldet av han i 1987.
Klikk bilde for større format


Foto: Statsbygg