Gå rett til topp meny Gå rett til meny Gå rett til innhold
 

Sorenskrivargarden i Lofthus

Sorenskrivargarden i Hardanger - i dag Hardanger tingrett – ligg på Lofthus i Ullensvang. Eigedommen har strandline mot Sørfjorden og er omgitt av eit praktfullt fjordlandskap. Lokalt namn på eigedommen er Sjøgarden.

Hardanger og Voss sorenskrivarembete blei delt i to i 1918 og departementet vedtok då at sorenskrivaren skulle bu på Lofthus. Dei første åra blei den gamle ”skrivargarden” på Helleneset stilt til disposisjon som kontor og bustad.

Hardanger har elles ei gamal rettshistorie og Agatunet på andre sida av Sørfjorden har ei lagmannsstove frå ca 1250.

Hovudbygning i bergensstil

Anlegget på Lofthus består av hovudbygning, naust, garasje og eit hageanlegg. Anlegget blei oppført i 1923 som bustad og kontor for sorenskrivaren. Det er teikna av arkitekt Einar Oscar Schou (1877-1966). Schou vann arkitektkonkurransen om Den Nationale Scene (1906-09) og blei ein produktiv Bergens-arkitekt. Han er mellom anna rekna som ein av opphavsmenna bak den såkalla Bergensskulen i arkitekturen, saman med mellom anna Egill Reimers og Ole Landmark.

Sidan sorenskrivargarden i Hardanger var ein viktig embetsmannbustad, blei hovudbygningen utforma som eit ”byhus” i storleik og stil. Typisk for bergensstilen er liggjande panel, smårutete vindauge, nybarokke detaljar kring dører og vindauge, vipp på taket og midtstilt gavlparti. Dei opphavlege bygningstrekka er godt varetekne, og sorenskrivargarden er eit viktig og markant bygningsanlegg på Lofthus.

Hovudbygningen har ein stor bustaddel mot nordvest og ein mindre kontordel mot søraust. Første etasjen i bustaddelen har ein stor hall med ei fi nt forma trapp opp til andre etasje, to stover, anretning og eit kjøkken. I andre etasjen er det fi re soverom. Kontordelen har tre kontor i første etasjen og to i andre. Sorenskrivarkontoret ligg i første etasje på det søre hjørnet, mot hagen og fjorden.

Hovudbygningen har fasade mot fjorden og hageanlegget vender òg denne vegen. Hageanlegget er på to nivå med singelgang, blomsterbed og prydbuskar på øvste nivå og ein tørrsteinsmur nedst mot fjorden. Naustet har same arkitektoniske uttrykk som hovudbygningen, men meir nedtona. Naustet var opphavleg ein svært viktig bygning på  sorenskrivargarden då båt var viktigaste framkomstmiddel i tenesta.

Det var lenge tradisjon å tilby bustad til statens tenestemenn slik at dei kunne bu og arbeide på samme stad. Tidlegare hadde sorenskrivaren òg buplikt i sorenskrivargarden, men det har ein i dag gått bort frå. Hovudbygningen blir likevel framleis nytta både til bustad og kontor.

Verna?

Sorenskrivargarden i Hardanger er ein av dei svært få opphavlege sorenskrivarbustadene som framleis er i statleg eige. Anlegget er ikkje formelt verna gjennom lov,  men i samråd med Riksantikvaren blir det handsama som om det er freda. Ein eigen landsverneplan for eigedommane knytt til justissektoren er under utarbeiding i regi av Justisdepartementet. Anlegget på Lofthus blir her vurdert som det best bevarte av dei tre anlegga som framleis er i statleg eige.¨

Visste du...?

...at Hardanger har ei lang og interessant rettshistorie og at Lagstova på Agatunet var, i likskap med Sjøgarden, òg bygd som eit ”byhus”. I dag er denne bygningen den  einaste i sitt slag i Noreg.
...at Staten oppretta eit eige fond for sorenskrivargardar ved lov av 1848. I 1932 var det 67 slike gardar i statleg eige. I dag er det berre tre att: i Hardanger, på Stord og i Volda. Fleire av dei tidlegare sorenskrivargardane blir i dag nytta som private bustader.
...at Sorenskrivargarden har ein form for vindehus i andre etasjen mot vegen, slik ein gjerne fi nn i sjøbuer og andre lagerbygningar. Vindehuset har ikkje heisemekanisme/talje, og vi veit ikkje om det har hatt det tidlegare.

Kontaktinformasjon

Spørsmål om eigedomen kan rettast til Statsbygg, region vest ved Inge Mundal mobil 970 86 586.


Klikk på bilde for større format. Bildene kan brukes av pressen. Husk å kreditere Statsbygg


Naustet

Sorenskrivargarden inngang

 

Sjå faktaark for Sorenskrivargarden i Lofthus (pdf)