Gå rett til topp meny Gå rett til meny Gå rett til innhold
 

Statsbygg og kulturminneåret 2009

Statsbygg eig og forvaltar mange verneverdige eigedommar og kulturminne på vegner av staten. Som ein av dei som eig flest eigedommar i landet, har vi eit ansvar for å ta vare på dei verdiane som desse eigedommane representerer. I byggjeoppgåver skal vi òg sikre kulturminneverdiane der det er nødvendig. Dette er oppgåver vi er audmjuke overfor og utfører med alvor.

Kulturminne har stor symbolverdi for mange. Dei fortel vår felles historie og er ein del av vårt felles minne. Gjennom bygningsarven kan ålmenta sjå og forstå noko av historia og utviklinga i nasjonen.

Kulturminne frå dagleglivet er tema for Kulturminneåret 2009. Mange menneske har arbeidsplassen sin i verneverdige bygningar som Statsbygg forvaltar. Statsbygg skal derfor både ta omsyn til kulturminneverdiane og samtidig sørgje for ei god forvaltning og drift av eigedommane.

Kulturminneåret 2009 blir markert med hundrevis av arrangement over heile landet.

Velkommen til eigedommane til Statsbygg i Kulturminneåret!

Publikasjonar til nedlasting:

Faktaark om eigedommane:


Last ned kalenderen
(pdf 1 MB) 

Til program for Åpen dag

Last ned plakat med program (pdf 3 MB)

Eller bestill trykte utgåver frå postmottak@statsbygg.no