Kulturminnevern i Statsbygg
Statsbygg forvaltar ei rekkje eigedommar som har stor symbolverdi og er viktige for heile nasjonen. Vi må ta omsyn til dei kulturhistoriske verdiane når vi skal forvalte eigedommane på ein heilskapleg måte.
Statsbygg har også plan- og byggjeoppgåver for andre statlege eigarar, og vi skal sikre kulturminneverdiar der det er nødvendig.
Det er ei utfordring å finne den rette balansen mellom bruk og vern. Statsbygg legg stor vekt på å bevare den verdien bygningane representerer. Det er god samfunnsøkonomi, samtidig som allmenta får høve til å sjå og forstå noko av nasjonens historie og utvikling gjennom den bygningsarven vi forvaltar.
Kulturminneåret 2009
markerte Statsbygg på ulike vis. Sjå eigne sider om Kulturminneåret 2009

Håkonshallen, Bergen
Til Kulturminneåret 2009