Kulturminnevern: Mål, policy og strategi
Statsbyggs policy for kulturminnevern skal leggje grunnlaget for å styrkje arbeidet med kulturminnevern i heile verksemda.
Hovudmål
Statsbygg skal arbeide for god kulturminnefagleg planlegging, utbygging, forvaltning og drift av eigedommar gjennom å leggje vekt på kva tolegrense og økonomi eigedommane har, og å medverke til at brukarar og den interesserte allmenta opplever og forstår den identitetsskapande og kulturhistoriske verdien eigedommane representerer – og vil representere i framtida.
Policy
Statsbygg vil vere med på å gjennomføre statens politikken for eigarskap og forvaltning av kulturhistoriske bygningar i tråd med overordna nasjonale føringar, og aktivt tryggje dei kulturhistoriske eigedommane vi tek hand om.
Strategiar
Dei viktigaste strategiane for å få gjennomført dei måla vi har med kulturminnevernarbeidet, er
-
å samhandle med andre statlege aktørar om vern av statens bevaringsverdige eigedommar
-
å bruke, forvalte, sikre, dokumentere og synleggjere mangfaldet av kulturminne og kulturmiljø til glede for brukarane og allmenta
-
å skape oppslutning og forståing for verdiane i dei viktige nasjonale ressursane vi forvaltar, gjennom å prioritere kulturminnevern som satsingsområde
-
å ta vare på den spesielle verdien eller det potensialet eigedommane har som kulturminne i plan- og byggjesaker
-
å utvikle den kulturminnefagleg kompetansen vår vidare, for å dekkje eigne behov og for å stå til teneste for andre statlege eigedomsaktørar og BAE-næringa elles
-
å innarbeide gode prosedyrar og rutinar for handtering av kulturhistoriske eigedommar ved planlegging, bygging, forvaltning og drift
-
å bidra til diskusjonar om materielle og ikkje-materielle verdiar i eit livssyklusperspektiv
-
å satse på forsking og utviklingsarbeid innan kulturminnevernet
