Gå rett til topp meny Gå rett til meny Gå rett til innhold
 

Byggjevettreglar ved ombygging

Oslo fengsel

Kvar einaste bygning er unik. Sjå på kvar kvalitetsbygning – utan omsyn til alder og stilart – som noko eineståande. Bygningen er eit ledd i ei historisk kjede, og han er ein ressurs – ikkje eit hinder. Kvar ligg kvalitetane? Kva vil opplevast som spesielt ved bygningen om 150 år? Vi har ein tendens til å mislike det generasjonen før oss har skapt, mens det besteforeldregenerasjonen skapte, har gryande interesse.

Oslo bispegård

Bli kjend med bygningen. Gjer forundersøkingar. Dess meir kunnskap du har om bygningen, dess meir medvite kan du handtere han. Korleis verkar bygningen i miljøet? Stemmer dei gamle teikningane? Kva for endringar har bygningen gått gjennom? Studer materialbruk og byggjeteknikk. Der gammalt og nytt møtest, går det ofte gale. Saml dokumentasjonen din, slik at han kjem til nytte for andre – seinare.

Bergskrivergården, Røros

Ha diskusjonspartnarar – søk råd. Ingen einskildperson kan alt. Ikkje gjett på løysingar. Søk råd hos flinke fagfolk. Det er betre å spørje ein gong for mykje enn å gjere tabbar. Verneverdige bygningar er ikkje-fornybare ressursar, så alt må gjerast riktig. Trekk inn fagfolk på kulturminnevern før du tek til å planleggje.

Oslo bispegård

Funksjonen må tilpassast bygningen. Bygningen skal ikkje tilpassast brukarane utover grensa for det han toler. Dersom det blir konflikt mellom funksjonskrava frå brukarane og grensene for ei varsam tilpassing, må ein spørje seg om bygningen eignar seg til formålet.

Oslo bispegård

Avgrens endringane. Alle bygningar har ei tolegrense for inngrep før særpreget går tapt. Ver audmjuk. La eigenskapar og særtrekk ved bygningen rettleie deg. Det kan vere viktige å bevare gamle ombyggingar og endringar. Dei fortel livshistoria til bygningen gjennom skiftande stilretningar og bruk. Dei historiske laga i bygningen (for eksempel tapet, plater, måling) må som hovudregel ikkje fjernast. Gamle tekniske installasjonar og faste innretningar kan også vere kulturhistorie. Detaljane er viktige! Ikkje pynt på eller "forbetr" det eksisterande etter eige skjønn.

Høyesteretts hus, Oslo

Vel reversible løysingar. Det er betre å leggje til noko nytt enn å fjerne noko eksisterande. Respekter hovudstrukturen og grammatikken i bygningen. Tekniske installasjonar bør også vere reversible. Alle nye element må utformast med respekt for den opphavlege karakteren til bygningen. Det tilforlatelege er ofte det beste.

Det Kongelige Slott

Ta vare på gamle bygningsdelar. Dersom dører, fast innreiing og liknande må fjernast, bør det lagast nokre eksempel på eigedommen – som dokumentasjon. Dersom dette ikkje lèt seg gjere, så sørg for å fotografere eller måle opp og teikne det som må fjernast. Ikkje kast gamle bygningsdelar – tenk gjenbruk og miljø.

Regjeringens representasjonsbolig, Oslo

Bruk riktige materiale. Vel bygningsmateriale som held lenge. Kjende materiale med årelang vedlikehaldstradisjon er eit trygt val – ofte for miljøet også. Blir det brukt nye materiale, må dei samspele med dei opphavlege. Skriv ned produsent og produkt i ein vedlikehaldsmanual for bygningen.

Frogner hovedgård, Skien

Skap kvalitet. Bruk tid på førebuing, idéutvikling og planlegging. Det kostar mindre å samordne, forbetre og endre i planleggingsfasen enn under bygginga. Alle som er involverte i prosjektet, skal ha ei sams målsetjing, blant anna om god arkitektonisk og kulturhistorisk kvalitet. Søk råd og hjelp. Ha respekt for andre fagfolk. Still krav til konsulentar og utførande. Kunnskap gir engasjement, som igjen er med på å gi eit godt resultat. Tenk langsiktig – både økonomisk og estetisk. Du skal vere stolt av resultatet!


Last ned byggjevettplakatar (.pdf 154 kB). Plakatene i engelsk versjon (2 MB) 
Plakatane kan også bestillast hos Statsbygg.