Miljøkrav i byggjeprosjekta
Det er i dag vi planlegg og byggjer framtidsbygga.
For at Statsbygg skal nå miljømåla og dei langsiktige miljøambisjonane sine, er det nødvendig med auka vekt på miljø i
dei tidlege fasane av byggjeprosjekta og samtidig sjå miljøbelastninga i eit livsløpsperspektiv. Her står bruken av
berekningsverktøy sentralt.

Konkrete miljømål - allereie i tidligfasen
Allereie i tidlegfasen av alle nye byggjeprosjekt greier vi ut om det skal byggjast med energikrav på passivhusnivå eller med overoppfylling av forskriftskrava til energibruk (TEK 10). Dette inneber mellom anna satsing på energieffektive løysingar i alle ledd og alternative lokaliseringsval der dette er mogleg.

Klimagassutslipp i eit livsløpsperspektiv
Det er viktig å sjå på det totale livsløpet til bygget når vi vurderer alternative byggjeløysingar.
For å utvide og betre avgjerdsgrunnlaget blir klimagassanalysar og berekningar av livssykluskostnader gjennomførte i ulike fasar av byggjeprosjekta. På denne måten kan vi òg dokumentere det totale klimagassutsleppet frå prosjekta våre. Statsbygg har vore sentral i utviklinga av berekningsverktøya klimagassregnskap.no og lccweb.no. . Les meir.
Framsenteret: passivhus-pilot
Fram – Nordområdesenter for klima- og miljøforskning i Tromsø skal utvidast. Miljømåla Statsbygg har sett for prosjektet, er passivhusnivå og halvering av klimagassrekneskapen samanlikna med byggjenorma i dag. Dette er eit pilotprosjekt i "Framtidens byer" eit samarbeid mellom staten og dei 13 største byane i Noreg om å redusere klimagassutsleppa.
Les meir om prosjektet og miljøkrava.

Nasjonalmuseet: Tøffe miljøkrav
Ikkje berre har Statsbygg fått i oppdrag å planleggje eit Nasjonalmuseum som "en samlet og lett tilgjengelig formidlingsarena der et stort og sammensatt publikum skal få møte et mangfold av uttrykk i det visuelle kunstfeltet", men vi skal gjere det på minimum passivhusnivå, med lågast mogleg klimagassutslepp og materialval som gir lågast mogleg ressursbelastning. . Les meir om prosjektet.