Miljøtiltak i eigedomsforvaltninga
Statsbyggs miljøsertifisering (ISO 14001) inneber krav om årlege forbetringar og miljøsatsingar. Vi har derfor miljøplanar for kvar eigedom. Statsbygg har som mål at eigedommane våre skal vere miljøvennlege med låg energibruk.
Energileiing
Statsbygg kartlegg energiforbruket på alle eigedommane vi forvaltar. Vi set mål, utarbeider handlingsplanar for forbetringar og vurderer jamleg måloppnåinga. Kompetanseutvikling og samarbeid i energifora er òg ein del av det systematiske arbeidet.
Denne systematiske og fortløpande innsatsen skal sørgje for effektivisering og innsparingar i energiforbruket.
Dette er i sum energileiing.
Energieffektivisering
Alle bygg har potensial til å effektivisere energiforbruket gjennom motivasjon og informasjon, gjennom enkle tiltak og gjennom tiltak som krev større investeringar.
Sjølv om eigedommane til Statsbygg har ein energibruk som er blant dei lågaste i bransjen, har vi krav på oss til å heve miljøstandarden ytterlegare. Statsbygg har derfor som mål å setje i verk tiltak for å redusere energiforbruket til 200 kWh/m2 i gjennomsnitt (graddagskorrigert).
Les meir om energieffektivisering i eigedomsforvaltninga.
SD-anlegg,
energioppfølging og -statistikk
Alle eigedommane våre skal ha eit system for sentral driftskontroll (SD-anlegg) og for energioppfølging (EOS), der energiforbruket regelmessig blir registrert og følgt opp. Styring og logging av energiforbruket er viktig for å ha kontroll med CO2-belastninga og kostnader. Det medverkar òg til å bevisstgjere tilsette og brukarane på eigedommane.
Kvart år utarbeider Statsbygg statistikk over energi- og vassforbruket for enkelteigedommane, dei ulike eigedomskategoriane og for heile bygningsmassen. Les meir om energioppfølging og energistatistikk.

"Mange bekker små" i Buskerud
Gjennom god planlegging og oppfølging har driftsleiinga i Statsbygg i tett samarbeid med leigetakarane og brukarane ved Høgskolen i Buskerud på Hønefoss fått ned energiforbruket betrakteleg.
Les om eit godt eksempel på målbevisst energiarbeid.