Gå rett til topp meny Gå rett til meny Gå rett til innhold
Arkitekturmuseet. Foto: Trond Isaksen
Pilestredet park. Ill: Statsbygg
Admin.bygget Svarlbard. Foto: Statsbygg
Gasslukkeanlegg. Foto: Jaro Hollan
 

Miljøklasser

Fra 2005 fram til 2011 ble alle nye prosjekt i Statsbygg plassert i ei miljøklasse som fortalde kva miljøambisjonar prosjektet skulle ha.

Miljøklassa blei fastsett på bakgrunn av ei skjønnsmessig vurdering der faktorar som areal, økonomisk ramme, kompleksitet og samfunnsinteresse verka inn. Prosjektet satte seg miljømål på grunnlag av dei føringane som miljøklassa ga.

Systemet er no avvikla. Prosjekta sett seg framleis miljømål.

Dette var dei ulike miljøklassene:

Miljøklasse 1

Prosjektet skal som eit minimum setje opp tre miljømål, og av dei skal eitt vere energirelatert. Kva for tema som blir vektlagde i dei andre miljømåla, vil vere avhengig av eigenarten i prosjektet. Eksempel her er materialval og avfall.

I prosjektering og bygging skal arkitektar, rådgivarar og entreprenørar rapportere til Statsbygg om korleis dei vil nå miljømåla.

Miljøklasse 2

Prosjektet skal som eit minimum setje opp to miljømål, og av dei skal eitt skal vere energirelatert. Kva for tema det andre miljømålet legg mest vekt på, vil vere avhengig av kva prosjektet dreiar seg om. Eksempel her er materialval og avfall.

I prosjektering og bygging skal arkitektar, rådgivarar og entreprenørar rapportere til Statsbygg om korleis dei vil nå miljømåla.

Miljøklasse 3

Prosjektet skal som eit minimum setje opp eitt energirelatert miljømål.

I prosjektering og bygging skal arkitektar, rådgivarar og entreprenørar rapportere til Statsbygg om korleis dei vil nå miljømåla.


Utandørs solavskjerming