Gå rett til topp meny
Gå rett til meny
Gå rett til innhold
Statsbygg
Kontakt
Jobb
Presserom
Sidekart
English
Hovedmeny
Aktuelt
Eigedommane
Byggeprosjekter
Utviklingsprosjekter
Rådgivning
FoU-prosjekter
Miljø
Publikasjonar
SHA
Arkitektur
Universell utforming
Kulturminnevern
Om Statsbygg
Presserom
Publikasjoner
www.kryss.no
Miljøpolitikk
Sjå definisjonar og prinsipp.
1.
Statsbygg skal arbeide for å betre miljøeffektiviteten i eiga verksemd gjennom systematisk miljøstyring av plan- og byggjeprosjekt og ved drift og vedlikehald av bygga våre.
Vi skal alltid oppfylle miljøkrava i lover og forskrifter.
Vi skal stille tydelege miljøkrav ved innkjøp av varer og tenester og følgje opp desse krava.
Vi skal betre utnytte ressursane, i form av produkt, materiale og energi.
Vi skal arbeide aktivt for å førebyggje forureining.
Vi skal setje opp forbetringsmål for oss sjølv og jamleg følgje opp og revidere dei.
2.
Statsbygg skal vere eit kompetanseorgan og ein pådrivar for miljøsatsing i byggje
-, anleggs- og eigedomssektoren.
Vi skal jamleg oppgradere den interne miljøkompetansen i Statsbygg og vere godt orienterte om miljøkonsekvensane av verksemda vår.
Vi skal medverke aktivt til utvikling som fremmar miljøvennlege løysingar.
Vi skal gå aktivt ut og informere omverda om miljøarbeidet vårt.
3.
Statsbygg skal gjennom rådgiving stimulere oppdragsgivarane og brukarane sine til å treffe miljøvennlege val i plan-, byggje- og eigedomssaker.
Vi skal synleggjere miljøarbeidet vårt for oppdragsgivarar og brukarar.
Vi skal gå aktivt ut og informere oppdragsgivarar og brukarar om miljøkonsekvensane av vala dei gjer.