Miljøstrategien i Statsbygg
Statsbygg har som overordna ambisjon å vere leiande på å planleggje, byggje og forvalte miljøriktige bygg og uteområde. Miljøstrategien skal gjere Statsbygg i stand til å møte framtidige miljøkrav i byggjenæringa.
Mål 2011-2014. Ambisjonar -2030
Miljøstrategien består av bindande fireårige miljømål for perioden 2011–2014 og langsiktige, retningsgivande miljøambisjonar fram mot 2030. Statsbygg vil prioritere fire satsingsområde i miljøarbeidet:
Energibruk
Utforminga av miljømåla for 2011–2014 tek utgangspunkt i ambisjonen om at Statsbygg skal kunne oppfylle det som kan forventast som framtidige forskriftskrav. Som eit ledd i opptrappinga til "nestennullenergibygningar" må Statsbygg frå 2011 byggje opp og ha kompetanse til å gjennomføre byggjeprosjekt på passivhusnivå i 2014.
Les om mål og ambisjonar for energibruk.

Materialbruk
Statsbygg skal krevje at truverdig miljødokumentasjon blir lagd til grunn for val av produkt og løysingar.
Les om mål og ambisjonar for materialbruk.

Lokalisering
Sentrumsnær lokalisering og nærleik til eit godt kollektivsystem, i kombinasjon med verkemiddel retta mot miljøvennleg reiseåtferd, kan redusere klimagassutsleppet frå transport knytt til bruken av eit bygg med over 60 prosent.
Les om mål og ambisjonar for lokalisering av bygg.

Intern verksemd
Målet er å gjere det så lett og enkelt som mogleg for dei tilsette å ta ”grøne” val i arbeidskvardagen sin.
Les om mål og ambisjonar for miljøtiltak i Statsbyggs si eiga verksemd.
Statsbygg er med i pilotprosjektet Klimanøytral stat. Les meir.
Last ned og les
"Statsbyggs miljøstrategi. Langsiktige miljøambisjoner og miljømål". 07.10.2010