Klimaendring
Klimaendring er eit globalt miljøproblem. Utslepp av såkalla klimagassar som karbondioksid (CO2 ) og metan (CH4), er med på å varme opp atmosfæren (drivhuseffekt), noko som medfører klimaendringar som kan få store konsekvensar for mennesket.
Dei norske utsleppa av klimagassar auka med ca. 6 % frå 1990 til 2002. Den globale middeltemperaturen og middeltemperaturen i Noreg held fram med å stige. Vi veit framleis lite om kva konkrete verknader ei klimaendring vil ha, men mykje tyder på at vi vil oppleve ekstreme vêrsituasjonar og overfløyming av store landområde.
Statsbygg har ansvaret for oljeforbrenning, utslepp frå transport og deponering av avfall. Dette er aktivitetar som medfører utslepp av klimagassar, og som dermed er med på til å endre klimaet.
Oppdatert: 04.12.06