Skriv ut med undersider

Skal planlegge Norges smarteste bygg

Publisert 09.12.2016

No er det klart kven som skal leie arbeidet med det første heildigitale bygget i Noreg – Digibygg.

Jan Myhre har dei siste seks åra vore direktør for fagleg ressurssenter i Statsbygg. Frå nyttår får han ansvaret for å utvikle det smartaste bygget i Noreg.

Stor respons

– Vi har opplevd ein overveldande respons frå både byggjenæringa og andre fagmiljø etter at planane om Digibygg blei lanserte for ein månad sidan. No startar vi for alvor med å utvikle prosjektet vidare, seier Myhre.

Digibygg skal planleggjast berre ved hjelp av digitale arbeidsprosessar. Det unike prosjektet skal gjennomførast ved bruk av dei beste digitale verktøya på marknaden. Det ferdige bygget skal driftast ved hjelp av mellom anna stordata, sensorteknologi og fjernstyring.

Smarte løysingar

– Både teknologien og verktøya til å forme eit heildigitalt bygg finst. Statsbygg sin jobb blir å samle smarte løysingar og å løfte byggjenæringa eit viktig skritt mot det som blir framtidsbygga, seier den nye Digibygg-sjefen.

Den 59-årige elektroningeniøren har i over 40 år hatt eit stort spekter av jobbar i byggjebransjen: elektrikar, prosjekteringsleiar, prosjektleiar, byggherre og leiar i Statsbygg. I tillegg har han jobba med det digitale hamskiftet i byggjebransjen gjennom BuildingSmart både i Noreg og internasjonalt. No skal han bruke denne erfaringa og kompetansen til å planleggje det som skal bli eit digitalt bygg i verdsklasse.

Øystein Solvang
Kommunikasjonsrådgiver
Mob. 46660428
Send e-post

Til bruk for pressen

Jan Myhre

Nyhetsabonnement


Fyll ut feltene nedenfor så vil du fortløpende motta e-poster med aktuelle nyheter fra Statsbygg.

Felt med * må fylles ut. Les om personvern ved bruk av e-postadresser.

.

Ønsker du å avslutte ditt abonnement?
×