Skriv ut med undersider

Lov og rett i Åpent rom

Publisert 17.03.2017

Justissektoren er ein av dei største kundane til Statsbygg. For denne sektoren åleine forvaltar vi 629 000 brutto kvadratmeter. Og byggjeaktiviteten er stor. Sjå sjølv i siste nummer av Åpent rom!

Møllergata 19 i Oslo har ei mørk forhistorie som fengsel, spesielt frå perioden under 2. verdskrigen då den tyske okkupasjonen fengsla motstandsfolka her. No er bygningen pussa opp og skal bli ein del av det nye regjeringskvartalet.

I andre enden av skalaen er dei nye modulfengsla: ferdigproduserte på ein fabrikk i Nord-Trøndelag og sette opp på tilpassa fundament på Ullersmo og Eidsberg. Innsparingane er store, både for økonomien og miljøet.

Tinghusa her i landet har tradisjonelt ei sentral plassering i bybiletet og er ofte eksempel på god arkitektur frå sin epoke. Dette nummeret av Åpent rom tek for seg eit knippe av tinghus rundt om i landet og viser korleis dei har representert høgtid og verdigheit gjennom ulike tidsperiodar.

I tillegg til artiklane om justisbygga kan du lese om korleis Statsbygg har effektivisert eigedomsdrifta ved hjelp av ein app, spart miljøet ved å skifte ut betong med plastbobler i byggjeprosjektet på Campus Ås, korleis ambassaden i Berlin med enkle middel er blitt «ny» og meir miljøvennleg, og korleis Statsbyggs nye rådgivingsteneste kan hjelpe staten med å avdekkje framtidige lokalbehov. I tillegg til mykje, mykje meir.

Eva Kvandal
Kommunikasjonsrådgiver
Mob. 90173330
Send e-post

Les siste nummer av Åpent rom

Åpent rom 2017 nr 1
Åpent rom
Les tidlegare nummer og abonnér:

Nyhetsabonnement


Fyll ut feltene nedenfor så vil du fortløpende motta e-poster med aktuelle nyheter fra Statsbygg.

Felt med * må fylles ut. Les om personvern ved bruk av e-postadresser.

.

Ønsker du å avslutte ditt abonnement?
×