Skriv ut med undersider

Utslippsfrie byggeplasser

Publisert 14.03.2017

Fossilfrie byggjeplassar – eitt av ti miljøtiltak som Statsbygg no skal prioritere.

– Anleggsmaskiner på byggjeplassar ureinar lufta nesten like mykje som bilar, i byar som Oslo. Slik kan vi ikkje halde fram. I Statsbygg sluttar vi oss no til Eiendomssektorens veikart mot 2050 og eitt av tiltaka er å arbeide for fossilfrie byggjeplassar, seier administrerande direktør Harald V. Nikolaisen i Statsbygg.

Diesel ureinar

Nikolaisen leier ein av dei største byggherreorganisasjonane i landet med rundt 120 byggjeprosjekt gåande heile tida. Det inneber utslepp av klimagassar frå mange dieseldrivne gravemaskiner, hjullastarar og aggregat.

– Vi har testa fossilfrie alternativ på fleire byggjeplassar allereie og meiner byggjebransjen no må sjå etter meir klimavennlege løysingar, mellom anna elektrisitet, seier Nikolaisen.

Ti tiltak

Statsbygg har nettopp slutta seg til dei ti strakstiltaka i «Eiendomssektorens veikart mot 2050», der eitt av tiltaka er å arbeide for fossilfrie byggjeplassar.

– Statsbygg kuttar klimagassutslepp frå alle nye bygg, og det skal ned i null innan 2030. Ved å følgje eit felles vegkart kan byggjenæringa gi eit avgjerande bidrag til det grøne skiftet. For dette får vi berre til saman! seier Nikolaisen.

Les meir om utsleppsfrie byggjeplassar:

- hos Norsk Eiendom
- hos Grønn Byggallianse 
- hos Bellona 
- Eiendomssektorens veikart mot 2050, juni 2016

Lars Petter Bingh
Miljørådgiver
Mob. 45451600
Send e-post
Øystein Solvang
Kommunikasjonsrådgiver
Mob. 46660428
Send e-post

Nyhetsabonnement


Fyll ut feltene nedenfor så vil du fortløpende motta e-poster med aktuelle nyheter fra Statsbygg.

Felt med * må fylles ut. Les om personvern ved bruk av e-postadresser.

.

Ønsker du å avslutte ditt abonnement?
×