Skriv ut med undersider

Tilgjengelegheit

Statsbygg legg stor vekt på universell utforming - ikkje berre av våre eigedommar og i byggeprosjektavåre; Statsbygg sin nettstad skal òg vere tilgjengeleg for alle. 

Nettsidene er utvikla etter retningsliner i WAI - Web Accessibility Initiative. Det er alltid mogleg å bli betre. Ta kontakt med web-redaktøren dersom du har problem med tilgjengelegheita eller med å finne fram på nettstaden.

Skriftstorleik

Du kan justere skriftstorleiken på nettstaden ved å halde Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac), og samtidig trykkje på + for å forstørre eller - for å forminske.

Alternative tekstar 

Alle bileta på denne nettstaden skal ha alternative tekstar slik at dei er forståelege for blinde, svaksynte eller dei som har skrudd av biletvisning på maskina si. Der vi bruker tabellar, skal desse ha beskrivande hjelpetekstar.

Statsbyggs filmar er tilgjengelege på Youtube. Vi har i dag ikkje tekstlege alternativ til filmane.

Filer til nedlasting

Ein del dokument på statsbygg.no er laga i pdf-format. Dokumenta kan lastast ned av alle. For å lese dei treng du gratisprogrammet Adobe Reader eller tilsvarande. Last ned Adobe Reader.

Språk

På nettstaden vår, som i anna informasjon rekna for ålmenta, arbeider vi for eit korrekt, klart og brukertilpassa språk som er forståeleg for alle. Men ikkje alle tekstar kan vere enkle, og ikkje alle tekstar kan vere fri for fagspråk.

For at Statsbygg skal oppfylle krava i Språklova skal minst 25 % av innhaldet på nettstaden vere på nynorsk

Nettstaden har ein generell informasjonsside på samisk. Byggjeprosjekter og eigedommar som ligg i aktuelle kommunr, har parallellsider på samisk.

Nyhetsabonnement


Fyll ut feltene nedenfor så vil du fortløpende motta e-poster med aktuelle nyheter fra Statsbygg.

Felt med * må fylles ut. Les om personvern ved bruk av e-postadresser.

.

Ønsker du å avslutte ditt abonnement?
×