Skriv ut med undersider

Om organisasjonen

Statsbygg er ei statleg forvaltningsbedrift under Kommunal- og moderniseringsdepartementet og har som oppgåve å settje i verk regjeringas byggje- og eigedomspolitikk. Vi har hovudkontor i Oslo og regionkontor i Porsgrunn, Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø.

Statsbygg har 929 tilsette: 446 på hovudkontoret i Oslo. og 462 knytte til dei fem regionkontora. Av desse jobbar 350 personar med å drifte eigedommane.

Administrerande direktør

Harald Vaagaasar Nikolaisen

Byggherreavdelinga

Direktør Synnøve Lyssand Sandberg
Byggherreavdelinga har det gjennomgåande ansvaret for byggjeprosjekta i Statsbygg, og består av seksjonar retta mot dei ulike fagdepartementa, og ein prosjektadministrasjon.
Kontakt byggherreavdelinga.

Eigedomsavdelinga

Direktør Frode Meinich
Eigedomsavdelinga forvaltar, driftar og held ved like eigedommane Statsbygg har i inn- og utland, totalt 2,8 millionar kvadratmeter. Avdelinga er organisert i fem seksjonar inkludert utanlandsseksjonen, og fem regionkontor. 
Kontakt regionkontora. 
Kontakt utanlandsseksjonen.

Fagleg ressurssenter

Fungerande direktør Gro Bratsberg
Statsbyggs avdeling for rådgiving innanfor arkitektur, bygg, VVS, elektro, bygningsøkonomi, jus og kulturminne.

Kommunikasjonsstaben

Direktør Hege Njaa Aschim
Kommunikasjonsstaben har overordna ansvar for kommunikasjonsverksemda i Statsbygg, både strategisk og operativt.
Kontakt kommunikasjonsstaben.

Rådgiving og tidlegfase

Direktør rådgiving og tidlegfase Hege Maria Eriksson
Avdelinga bistår og gir råd til statlege verksemder i spørsmål om leige og bruk av lokale, lokalisering og arealplanlegging.

Kontakt Rådgiving og tidlegfase.

Strategistaben

Avdelingsdirektør Morten Dybesland
Strategistaben hjelper administrerande direktør i arbeidet med å sikre at Statsbygg er eit effektivt verktøy for staten i kjøp av lokale og i eigedomsforvaltning. Staben skal bidra til at Statsbygg har nødvendig omstillings- og gjennomføringsevne.

Økonomi- og verksemdsstyring

Direktør Marianne Nordby Fålun
Avdelinga har eit overordna ansvar for verksemd- og økonomistyring, rekneskap og lønn, IKT, HR, anskaffinger, dokumentasjonsforvaltning, og felles driftsfunksjonar.

Statsbyggs historie

Statsbygg kan føre verksemda tilbake til 1816 med utnemninga av ein Bygningskyndig Konsulent for de offentlige BygningerMeir om historia.

Last ned

Dette er Statsbygg
Brosjyre

Nyhetsabonnement


Fyll ut feltene nedenfor så vil du fortløpende motta e-poster med aktuelle nyheter fra Statsbygg.

Felt med * må fylles ut. Les om personvern ved bruk av e-postadresser.

.

Ønsker du å avslutte ditt abonnement?
×