Skriv ut med undersider

Søkjer ca. 200 - 250 kvadratmeter sentralt i Valdres

Publisert 12.01.2018

Statsbygg søkjer anslagsvis BTA 200 - 250 kvadratmeter kontorlokale sentral i Valdres, på vegne av Mattilsynet.

Vi søkjer etter fleksible kontorlokale for 7 medarbeidarar. Det er ynskeleg med plassering på bakkeplan med separat vareinngang, god arealutnytting og tilgang til parkeringsplassar. Det vert stilt krav til energieffektivitet og universell utforming.

Leigeperioden er rekna til å vere ca. 10 år. Overtaking mars 2019.

Bruk Excel-skjemaet på denne sida for å presentere opplysningar om potensielle leieobjekt.

Svarfrist: 31. januar 2018

Kontakt

Jacqueline Monique Smith
Seniorrådgiver
Mob. 41046681
Send e-post
×