SHA i Statsbygg
Som byggherre og eigedomsforvaltar har Statsbygg det overordna ansvaret for tilfredsstillande tryggleik, helse og arbeidsmiljø (SHA) både i byggjeprosjekta våre og etter at bygga er tekne i bruk.
Byggherreforskrifta har som formål å verne arbeidstakarar mot farar på byggje- eller anleggsplassar. Forskriftene beskriv dei pliktene byggherren har i samband med
- planlegging, prosjektering og utføring
ved mellom anna
- oppføring av bygningar
- innreiings- og installasjonsarbeid
- riving, ombygging, reparasjonar og vedlikehald
Som ein av dei største byggherrane og eigedomsforvaltarane i Noreg har Statsbygg eit spesielt ansvar for å ta hand om oppgåvene i byggherreforskrifta på ein god måte og vere ein pådrivar i bransjen for godt SHA-arbeid. Les om byggherreforskrifta hos Arbeidstilsynet.
SHA i byggjeprosjekta
Grunnlaget for trygge byggjeplassar med eit godt arbeidsmiljø blir lagt i prosjekteringsfasen. Tett oppfølging i byggjeperioden skal sørgje for den nødvendige vektlegginga av SHA fram til bygget står ferdig. Les meir om Statsbygg sitt arbeid med SHA i byggjeprosjekta.
SHA i eigedomsforvaltninga
Byggherreforskrifta gjeld også i samband med drifta av og vedlikehaldsarbeidet på eigedommane.
SHA-publikasjonar
Last ned nokre aktuelle publikasjonar frå Statsbygg.
SHA-kontaktar i Statsbygg
Byggherreavdelinga: Tanja Dugstad tlf. 22 95 41 10
Byggherreavdelinga: Knut Farholm tlf. 22 95 43 76
Byggherreavdelinga: Rikke Monrad-Hansen tlf. 22 95 42 90
Eigedomsavdelinga: Tore Rømyr tlf. 22 95 44 49